Skip to content

De grumme, gramme og grove

november 17, 2013

image

«Petter Dass si salme Herre Gud ditt dyre navn og ære», står først i salmeboka som ein prolog med dei tre mest brukte versa. Lenger bak står den meir barokke varianten med åtte vers, men sjølv ikkje der har ein teke med alt. Petter Dass sin herleg barokke måte å skriva på er ikkje heilt vår velpolerte. Her er verkeleg alle med og lovar Gud, både steenbid, seier, tanteyen som løber leien, og torsk og seien og nise. Fiskane får vera med på lovprisninga i den nye salmeboka og. Dei har til og med lete verset der demonar og djevlar bøyer kne for Gud få vera med:

Thi for GUD skal alle Knæ sig bøye,
De som boor i himlene hin høye,
Og de på jorden, i sør og Norden,
Samt dievlers orden, som dømt er vorden
til møye.

Men ein stad går likevel grensa, verset om at ufødde foster skal lova Gud saman med folk med fysiske skavankar og manglande sosial kompetanse er elegant fjerna. Om det er av hensyn til dei halte eller dei grove, skal eg ikkje spekulera i, det kan jo tenkjast at det er av omsyn til dei grumme (dei grusomme) eller dei gramme (dei illsinte). Kanskje det seier mest om meg sjølv at eg kosar meg med å syngja verset høgt og ler av fryd over kor fantastiske tekstar den mannen sat og skreiv ein stad i Nordland for veldig lenge sidan. Her byr eg på verset som ikkje kom med i salmeboka:

Vil de Gamle være stiv og sove.
Da skal barn i MOders Liv GUD love,
De halte Lamme, Maal-løse, Stamme
Giør og det samme, de Gromme, Gramme
og grove.

Petter Dass.

Forøvrig kan eg tenkja meg at det ikkje bare var på Ålgård avsynging og innlæring av dei sentrale versa i denne salmen vakte knising og baluba. For det første var det lov, ja ein var til og med pålagd å ta orda Herre Gud i sin munn, noko ein aldri skulle gjera ellers, og slett ikkje på skulen. Dessutan var det etternamnet på diktaren. Eg går ut frå at klasseroma på Ålgård skule ikkje var den første plassen mannen vart kalla Petter WC med opprømt munterheit. Så det å pugga salmevers var då ikkje bare sorgen. Eg tok meg i å tenkja om opplysninga eg las i går at far hans heitte Peiter Peiterssøn Don Dass og ville slått an på Ålgård i overgangen mellom 60- og 70-talet.

Og korfor eg rotar meg vekk i alt dette. I nasegrus beundring for Petter Dass og farne tider så klart. I kveld skal eg snakka i kyrkja klokka sju om salmar og salmeskriving, fortrinnsvis mi eiga, og i staden for å setja meg ned og laga ei nøktern liste over opplysningar det er realistisk å få sagt noko om på 15-20 minutt, så rotar eg meg borti dei merkelegaste irrgangar som har det aller minste med temaet mitt å gjera. Eg er framleis utan manus, men det nærmar seg… Sei at folk heller vil høyra humoristiske historier enn å bli grundig oppdaterte i salmebokutvalets arbeid trinn for trinn…

Eg kjem til å slita med tidsramma, men til og med eg innser at det er irriterande med folk som ikkje klarer å halda tida, derfor skal eg vera så stringent så. Så måtte eg heller la det bobla over her på bloggen. Har eg høyrt at ein i vanleg taletempo seier ca 100 ord i minuttet?

Nei, til rors Columbus.

image

Ein kopp sundagskaffi unnar eg mine lesarar. Denne koppen er ikkje min, eg drakk kaffi av han hos Jan og Bjørg i går. Han var så fin at han bare fekk vera med, sidan eg likevel er på viddene.

God sundag

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: