Eit lite under
Det er eit lite under å vera vitne til korleis seksåringane steg for steg erobrar lesekunsten. For nokre går det sakte, men sikkert, for andre bare eksploderer det, og så kan dei plutseleg lesa. I eit digitalisert samfunn er det vel nesten ein kuriositet at elevane våre framleis leikar seg med desse bokstavkassane, som eg faktisk hugsar frå mi eiga førsteklassetid, på ein av stasjonane på læreløypa. Plutseleg ein dag sit dei der og har produsert heile setningar, og er kjempestolte av seg sjølve. Sidan skrift i bokstavkassar er ein veldig forgjengeleg kunstart, måtte eg fram med mobilen for å foreviga nokre av tekstane.
Som de ser så er førsteklassingane klare for jul men nokre skriv og om kvardagslivet eller familien sin…
Eigentleg sat eg her og ville leggja inn bilete av både det eine og det andre på skulen si heimeside, men eg har ikkje klart å få til å leggja inn bilete frå mobilen min… Sidan eg får det til her på bloggen, så fall eg for freistinga å leggja inn nokre av dei her. Så får bileta frå turdagen med fadderklassane koma når eg er blitt litt meir teknisk oppdatert.
Sidan tysdag er den lange dagen min, er eg ganske ør i hovudet, men ei lita økt ved tastaturet er det ikkje så lett å motstå. Og arbeidsledig er eg ikkje, sjølv om diktboka er ferdig og salget i gang. Nå skal eg skriva tiandeklasseforestilling og manus til eit lite programinnnslag på adventgudstenesta på skulen. Ingen av delene blir i kveld.
I går såg eg og Halvard ein dokumentar om den svært rebelske og uortodokse amerikanske journalisten Hunter Thompson. Det vart fortald at han skreiv av boka «The great Gatsby» av Scott Fitzgerald fleire gonger frå perm til perm bare fordi han ville koma på innsida av forfattaren sin måte å skriva på. Den opplysningen var ein smidig overgang, i alle fall ein overgang til dagens forfattar som framleis er Ellen Einan…
Om ho brukte kitt då ho lærte seg dei første bokstavane er vel ikkje sikkert, men alle har me vore nybegynnarar ein gong…
Jeg seiler
Jeg skaper meg ein ny klode
mer fantastisk!
Mer gråtefolk kommer
mer frekt solskinn inn i min lek
mer hel og narraktig
mer fred og dugg
og sangene.
Enda en dag?
Ellen Einan
Og dette får bli dagens tekst. Ellen Einan og førsteklassingane skulle tilsaman bli ein god porsjon leikande tekst. Og Halvard leikar seg inne på pianoet i stova. Nå skal eg eta «heimebakte knekkebrød» med «lettere nøkkelost» og kanskje skrella ein mandarin. Eg veit at dei eigentleg er clementiner, men det blir liksom heitande mandarinar i mitt hovud. I dag fall og smelta den første snøen for denne vinteren.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Barndomen min., Bøker, Poesi, Skule, vinter




