Annan dag jul 2013
Etter lange rekkjer med travle dagar, så var ikkje dette det dummaste ein kunne ta seg til på andre juledag. For første dagen på lenge så regna det ikkje, så eg måtte ut ein tur og gå litt.
Slik kan det sjå ut på våre kantar ein desemberdag klokka kvart over tre. Typisk jærsk vinter er like gjerne grøngul og grå som han er kvit. Vakkert er det likevel om ein har blikk for det og ikkje forventar seg noko heilt anna. Huset vart berika med fleire bøker om «Street-photofraphing» på julafta. På godt norsk det å fotografera ukjende på gata. Ein fotograf eg kjenner godt er veldig god på akkurat det, og eg liker slike bilete. Likevel ser eg eit etisk dilemma i å fotografera folk som ikkje har noko som helst ønske om å bli fortograferte… Ein fotograf hadde fotografert folk som åt på gata, ein annan folk som bar på rare ting, ein tredje hadde laga ein fotoserie av ansikt han hadde fotografert på T-banen. Ansikta var vakre og fortalde historiar. Om dei som eigde ansikta sette pris på å låna dei ut på den måten, veit eg ikkje. Eg har høyrt nokon meina at bilete av ukjende menneske er heilt uinteressante. Det er eg ueinig i. Bilete av ukjende menneske er veldig interessante. I alle fall dersom det er gode bilete. Gatefotografering fortel mykje om det å vera menneske og i tillegg fortel dei ein heil del om byen dei er tekne i og om tida dei er tekne i.
Eg måtte innom Ingrid for å beundra nye tak i den nye heimen. Ho hadde til og med fått fuglenek. Det har ikkje me…
I denne stova budde eg då eg var barn. Koseleg utsikt!
Og kjøkkenet er blitt fint. Her med ein spelande gjest for anledningen. Ingrid sitt duebilete er kome på plass på veggen.
Og framleis er det grus og ikkje snø som er i bakken utanfor huset. Korleis det blir seinare i vinter, vil bare tida visa. Nå trur eg forresten det er på tide å fortsetja lyrikkserien som har hatt litt tronge kår i julestria. Eg held fram der eg slapp, med Kolbein Falkeid.
Diktet ditt
har gjemt seg på baksida av månen.
Og månen, vet du,
Har bunden rotasjon.
Snur ikke ryggen til noen.
Kjekk kar sånn.
Kolbein Falkeid
Og det som nå står for tur å ynskja dei som les her, er ei riktig triveleg romjul
Heidi
LIknande innhald
From → Barndomen min., jul, Natur, vinter

