Gå til innhald

Første dag jul 2013

desember 25, 2013

image

I føremiddag tok eg av den mønstra røde juleduken og la på ein himmelblå i staden. Eg hadde lyst til å bruka den store lysestaken der juletrelysa står tett i tett. Eg fekk han til jul av svigerinne Astrid, eller var det Eva Mari for ganske mange år sidan, og nå hadde eg hugsa å kjøpa inn jueltrelys. Føremiddagen gjekk med til å ordna og setja fram masse julemat, ribbe, karbonadar, røykjelaks, ost, kjeks, flatbrød, eggerøre, flatbrød, lefser, krumkaker, multekrem, risbollar, peparkaker, varme rundstykke, julegeiter, aniskringler… og jammen trur eg heilt at me gløymde å setja fram silda. Sjokolade, frukt, eplemost, brus, rabarbrasaft, julekaffi… Og så kom mor med fleire lefser, May Brit med potetsalat og rekesalat og Jensi med heimelaga vørterbrød. Me kunne nesten ha konkurrert med selskapa på Katthult… I utgangspunktet var me ti til bords, og akkurat så mange får me plass til rundt spisebordet. Etterkvart ramla det inn fire gjester til, og endå fleire var inviterte. Eg trur me kunne ha invitert fire gonger så mykje gjester og framleis hatt mat att, for eg hadde følelsen av at eg rydda vekk nesten like mykje mat som eg sette fram. Det er fint å samla mange menneske, og det blir ikkje så ofte me gjer det lenger. Me var flinkare til å invitera då ungane var små. Ute har det vore ein slik dag som aldri har blitt heilt lys, så det var ein god dag å vera inne på.

imageDet er spesielt å pakka fram deler av svigermor sin julepynt saman med vår eigen. Det er trist at tre av dei me pleidde å vera i lag med i jula og romjula ikkje er her lenger. Dei forsvann nesten samtidig, alle tre var gamle og hadde levd lange liv, men det er vemodig likevel. I går hadde me juleserviettar frå ei av svigermor sine skuffer. Eg trur ho hadde gøymt på dei lenge, for dei var av sånt srpøtt glatt papir som serviettane ofte var laga av for førti år sidan. Den stjerneforma julebrikka over er handbrodert og i serien med nisselysestaken er det ov to blå skåler med nisseskeier som ein kan ha til riskrem eller til mandlar og rosiner til gløggen.

image

Denne handbroderte juleduken låg alltid på det runde bordet i stova i Bærum i jula  med store fat med frukt, konfekt, fiken, nøter og dadler på. Eg veit ikkje om det er ho sjølv som har brodert eller om ho har fått han av nokon. Det er rart med desse tinga ein finn fram kvar jul. Ein får eit nokså sentimentalt forhold til dei. Då me rydda julepynten i dødsboet var det ikkje lett å kasta små lam med tre fyrstikkbein, gamle skrantne flettekorger i glanspapir og vattkuler med glitter på frå krigsåra… Om noko vart kasta i det heile tatt veit eg ikkje. Eg høyrde ein historie som blir påstått å vera sann, om ein familie som ende opp med å trenga advokathjelp når julepynten etter foreldra skulle fordelast, dette på trass av at dei var kome relativt heilskinna ut av deling av sølvtøy, møblar og gamle bøker… Og i tilfelle nokon i svigerfamilien min skulle lura i desse dagar på kor juleduken er blitt av, han ligg her hos oss, på bordet i den blå stova på loftet…

image

Etter å ha rydda etter selskapet, var endeleg tida komen for å pusta litt roleg. Eg la meg på sofaen framfor fjernsynet med ei bok eg hadde fått til jul, men klarte rett og slett ikkje å halda meg vaken. Nå trur eg det blir nokre rolege dagar, og det skal bli fint. Eg har eit ganske stort skriveprosjekt å fullføra, men andre juledag har eg tenkt å ta meg heilt fri. På julafta vart me sitjande og spela brettspel i timesvis etter middagen og julegavane. Det var kjempekjekt og veldig avstressande. Så viss ungane mine les dette: Skal me spela meir i morgon eller ein dag i romjula?

Ha ei framleis god jul
Heidi

 

.

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: