Gå til innhald

Fredag i romjula 2013

desember 27, 2013

imageSå er det ein slags behageleg form for kvardag med fri frå jobb og juletre og julestjerner og masse kjekt som skjer. Det er fint. Sunniva er ute og et lunsj med ei venninne, Halvard ligg på sofaen og ser film, og far i huset varmar seg restar av pinnekjøt påsteikjepanna. Ute stormar det, og skyene siglar med rekordfart forbi vindauget på arbeidsromet. Snart skal me eta romjulsmiddag hos Torhild og Per Magne. Det blir koseleg. Eg har fått ordna her på arbeidsromet som vart ståande som katastrofeområde under jula. Her var det blitt produsert julgavar, pakka inn preangar og stua vekk ting, og eg rakk ikkje å rydda før jul. Eg hadde tenkt å skriva litt på tiandeklasseforestillinga, men det er jo framleis juleferie, så det fekk bli litt lystskriving først.

Eg fekk heimelaga musikk av Halvard til jul, som eg vil laga tekst ti. Eg trur eg vil laga ei sanglinje som er litt enklare enn melodilinja i melodien, for der er det litt snirklar og triller. Teksten har begynt å sviva så smått i tankane mine, men før eg kjem vidare, treng eg ei lydfil, og det har eg blitt lova. Det blir litt jazza, eg kan leggja det ut her når eg er ferdig

På vesle julafta ringde dei frå bokhandelen og trong fleire eksemplar av boka mi. Veldig kjekt. Nå trur eg me er i null sånn reint økonomisk, og då er me i grunnen ganske fornødge så langt. Det er utruleg kjekt å laga bøker, men eg skal ikkje påstå at eg trivst med forretningsdelen av det heile. Det er godt at nokon eg kjenner har meir talent for slike ting enn eg har sjølv.

Her på bloggen ynskjer eg velkomen ein ny gjestelyriker : Nils Ferlin, ein av dei store svenske lyrikarane gjennom tidene. Han vart fødd i 1898, og døydde i 1961. Eg er veldig glad i mykje av det han har skrive. Dette diktet om «livets villervalla» seier ganske mykje. For spesielt interesserte kan eg nemna at ordet «villervalla» var eit ord han laga i anledning av dette diktet.

I livets villervalla

I livets villervalla
vi gå på skilda håll
Vi mötas och vi spela
vår roll-

Vi dölja våra tankar
vi dölja våra sår
och vårt hjärta som bankar
och slår.

Vi haka våra skyltar
var morgon på vår grind
och prata om väder
och vind-

I livets villervalla
så nära vi gå-
men så fjärran från varandra
ändå

Nils Ferlin

Han skal få meir plass jer seinare. Akkurat dette diktet står så godt aleine.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: