Femte dag jul
Ei av dei barnslege tinga ved meg er at eg kan falla for ting som dette, eit slikt englespel som går rundt og rundt i varmen frå eit telys. Eg kjøpte fire stykker som eg brukte som julepresangar, og i går i byen kjende eg at eg måtte kjøpa eit til meg sjølv og. Eg har nemleg alltid hatt litt lyst på eit slikt eit…
I dag har eg fått jobba ein heil del med forestilling eg skal bli ferdig med i løpet av jula, så det begynner å kjennast overkomeleg å koma i mål med det. Sunniva har hatt besøk av Camilla som var sjefen hennar i Bolivia, og to venninner som skal til Bolivia nå etter jul. Me har og hatt koseleg kaffibesøk av Jan og Bjørg. Veret var ganske fint, og eg rakk akkurat å koma meg ut og gå ein tur før mørket og regnet kom. Etterpå åt eg grøt saman med Sunniva og prøvetende englemobilen på biletet. Ute lyser det frå ulike typar julestjerner i vindauga. Det er koseleg.
Dei siste dagane har eg fått fleire hyggelege tilbakemeldingar frå folk som har fått diktboka mi til jul. Det gleder meg stort. Eg har og fått eit spørsmål om å opptre. Det har eg lyst til, eg må bare sjekka avtaleboka mi. Avtaleboka etter jul er eit ukjend landskap. Eg veit det står ting der som eg ikkje har begynt å tenkja på endå, eg må trekkja linjer og sjå om eg har fått skrive opp alt som burde stå der. Eg kvir meg i grunnen litt for å måtta begynna med streng oppmåling av tidslandskap att, det er så deilig å bare flyta omkring og ikkje heilt vita kva dagane har å bringa.
Sunniva hadde dette fine biletet av farmor si på instagram i dag. På dette bildet er vel kanskje svigermor omtrent på same alder som Ingrid er nå? Eller kanskje ho ikkje er eldre enn Sunniva. Ho hadde ein eigen god utstråling som det til og med går an å sjå på gamle fotografi. Heldige meg som var i ein situasjon der problematiske svigermødrer bare er noko ein les om i teikneseriar og sånn.

Eg synest forresten at Sunniva er ganske lik på farmor si medan Ingrid er veldig lik mormora. Ingen av barna mine liknar spesielt mykje på meg, men det ser jo ut som om slikt kan hoppa over ein generasjon… Me får unna oss eit dikt til slutt sidan det er jul… Så skal eg avslutta arbeidsdagen min framfor skjermen og rett og slett parkera i sofaen med eit handarbeid og ein film…
Eg sit her og blar i ils Ferlins samlade. Etterkvart som han blir eldre, ser eg at han skriv mange triste dikt, men i kveld skal me velgja oss eit vemodig vakkert kjærleiksdikt..
I folkviseton
Kärleken kommer, och kärleken går,
ingen kan tyda dens lagar.
Men dej vill jag fölgja i vinter och vår
och alla min levnads dagar.
Kärleken är så förunderlig stark,
kuvast av intet i världen.
Rosor slår ut av den hårdaste mark
som sol over mörka färden.
Mitt hjärta är ditt,
ditt hjärta är mitt,
och aldrig jag lämnar det åter.
Min lycka är din,
din lycka är min,
och gråten er min när du gråter.
Nils Ferlin
Ta godt vare på kvarandre, og bruk den siste dagen i året godt 🙂
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, jul, Skriving, veret, vinter

