Gå til innhald

Sjette dag jul

desember 30, 2013

image

Eg må jo få vist fram litt av julekrubba mi før eg ryddar ho vekk. Eg har kjøpt litt kvart år dei siste fire åra eller noko slikt, og så har eg spedd på med andre figurar. Figurane til krubba er laga av ei dansk dame, dei er humoristiske på ein måte eg likar. Eg synest absolutt at humor høyrer heime i ei julekrubbe så vel som på alle andre område i livet…

image

image

Dagen i dag har føya seg inn i rekkja av fine og veldig sosiale romjulsdagar med regnet øsande mot rutene og vinden ruskande i husveggene.  Eg og Ingrid og Sunniva har vore og ete god kyllingsuppe somTonje kokte til oss, og fått sagt ha det bra til Borghild som reiste tilbake til Oslo i kveld. Etterpå skunda me oss  heim for å laga i stand til ein liten selskapelegheit i heimen. Me fekk besøk av Anne Mette, Jan Atle og Torje. Det var veldig koseleg, og alle ungane våre bortsett frå Odd Christian kom for å vera saman med oss. Noko av det koselege med desse romslege dagane mellom jul og nyttår er å få litt tid saman med dei me får for lite tid til i dagleglivet.

Og etter at gjestene hadde reist, var det framleis att litt av kvelden.

image

imageTil lesing og speling eller som me to eldste, til å sjå litt fjernsyn. I juleferien har me sett på ein serie frå net-flix, «Carnivale», ei merkeleg forteljing om eit omreisande tivoli. Persongalleriet er merkeleg og handlinga endå merkelegare. Det skjer mykje som høyrer meir heime i eventyr enn i verkelegheita, og ein del er litt uhyggeleg. Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg meiner om serien bortsett frå at det frodige persongalleriet appellerer veldig til meg. Og sidan me blir sitjande kveld etter kveld, må det jo vera noko i handlinga som fenger meg.

Og neste år skal eg berekna julematen betre. Kvar dag må me kasta mat som er blitt for gammal: Moltekrem, pinnekjøt,eggerøre, røykelaks… Eg kan ikkje fordra å kasta mat, men me får rett og slett ikkje ete opp etterkvart. Det merkest at det ikkje er så mange fastbuande i huset vårt som det har pleidd å vera…

Dagens lyrikar heiter forresten Else Fischer og er viss eigentleg dansk krimforfattar. Boka kom ut i 1976, og eg kjøpte i ei billigkorg i Danmark i 1981 då eg gjekk på lærarskulen og var på jentetur. Boka heiter «mens verden langsomt ændres» og er i følge påskriften på tittelbladet  «En borgerlig piges famlende forsøg på å finde ud af tilværelsen…»

Vinter

grå dæmringer
mørke
sneslud
og lyden af brændingen fra havet.

Else Fischer

En smuk gylden tone
Livet er en smuk gylden tone
en node
klipper man noget af noden
lyder tonen anderledes.

Else Fischer

Det siste diktet hugsar eg faktisk veldig godt frå eg las det i 1981, men eg hadde gløymt kor eg hadde det frå. Denne lyrikkvandringa er til glede for meg sjølv. Eg håpar nokre av dei andre lesarane og får seg ei og anna oppleving av alle orda sette saman til dikt.

Heidi

4 kommentarar
  1. Väldigt fin krubba! Och mössen får vara med 🙂 Dromedaren är helt underbar. Men vad är det för djur på första bilden? En ko? Get? Får?

  2. Det er to sauer (får) som eigentleg ikkje høyrer til i denne julekrubba, men sidan dei smiler så fint, får dei vera med likevel sjølv om dei er større enn hyrdane 🙂

  3. Ja, den ler verkligen fint! 🙂

    Jag tycker också att det är jobbigt att slänga mat, så det är jätteskönt att ha höns och ankor som får matresterna. Ungarna lämnar ju väldigt mycket efter sig och det är svårt att beräkna hur mycket de kommer att äta, det varierar så väldigt.

  4. hør på Scylla, det fins mange fuglar so e større enn dei på fuglebrette so kan gulpe ned både middagsrestar og dessert, sjølv om du ikkje har bondegård sjølv. kort fortalt: gå i fjøra med det

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: