Gå til innhald

Andre føremiddagen i januar

januar 2, 2014

imageMedan det framleis er tida for jule-englar, skal desse fire små englane eg fekk av syster mi til jul få lov til å vera glimta i auget i dag. Første dagen i januar vart fin og vart bare brukt til avslappande gilde ting. Om ettermiddagen åt me kyllingsuppe og drakk kaffi saman med Einar og Liv på Sandnes. Dei er så veldig fine folk å vera saman med, og det var frykteleg lenge sidan sist. Av og til tenkjer eg at eg må ha fått ei velsigning i voggegave som går ut på at dei aller finaste folka tilfeldigvis dukkar opp langs vegen min. Gjennom eit liv som har vart ei stund, har eg samla med meg utan måtehald og sjenanse. Venner treng ikkje vera bare dei du møter veldig ofte. Dei er og dei som får verda til å opna seg ei stund kvar gong du møter dei.

imageEndeleg har eg fått melodien eg fekk til jul av Halvard på lydfil. Eg har lyst til å laga tekst til, men det er ein melodi som er repetetiv og på ein måte stilleflytande. Eg ser for meg ein tekst som handlar om små sekvenser av ein vanleg dag der små minutt fulle av alt og ingenting flyt forbi, litt sånn Monica Zetterlundaktig Eg kjenner det er litt på kanten av min kompetanse å få det til, sidan det ikkje er ei veldig klar melodilinje å hekta songen på, men det blir ei spennande utfordring.

imageI dag er det dagen for å samla saman trådar og få ordna opp i litt forskjellig. Eg får ein veldig mjuk start på semesteret sidan elevane våre begynner først i morgon og eg har skrivedag på fredagar. Men eg skal nå prøva å få gjort ferdig ein songtekst til forestillinga eg har skrive på i jula. Så har eg ein kaffiavtale på Bryne som eg gler meg til. I går tok eg meg i å tenkja tanken : «Eg lurer på kva Jens vil fokusera på i nyttårstalen sin…» Så gjekk det opp for meg at det faktisk ikkje var Jens som skulle halda nyttårstalen og tanken kjendest merkeleg. Eg har høyrt litt smådrypp om kva Erna sa og ikkje sa, men eg skal sørga for å få lese eller høyrt talen. Eg synest faktisk at talar er litt viktige fordi dei seier noko om kva som blir oppfatta som viktig og kva leiestjerner ein peiler nyåret inn etter. At kvardagen er noko anna er noko me alle veit, men hekta på ord som eg er, så synest eg at me treng orda.

image Og apropos ord og nyttårsløfte og alt dette som er bernnaktuelt i akkurat denne veka av året. I dag hadde eg ro til å setja meg ned med ein kopp kaffi og morgonboka mi, den indre rytmen. Der las eg tilfeldigvis noko om akkurat dette, som eg opplevde som tankevekkjande og radikalt. Ja så radikalt at det kanskje må opplevast nesten som galskap for dei som ikkje deler denne måten å sjå på livet på. I dag tek eg med desse tankane, ikkje minst for å utfordra mine eigne tankar litt. Kom gjerne med innspel om nokon opplever desse tankebanane som provoserande:

Handlinger som springer ut av frustrasjon eller tvang gir sjelden positive resultater. Slike handlinger kan nok kanskje virke løfterike og preges av innsatsvilje, men blekner raskt og fører lett på villspor. Verken frustrasjon eller tvang er noen god motivasjon for langsiktig, positiv og konstruktiv innsats.

Går vi i gang med gode gjerninger som en form for terapi eller for å kvitte oss med skyldfølelse, vil vi fort glemme at målet er det felles beste. Til slutt blir det handlinger der vi bare søker vårt eget og tjener oss selv og tenker på hva vi kan få ut av det. Konstruktive handlinger springer ikke ut av frustrasjon, skyld eller tvang. De springer ut av frihet og håp. (Charles Ringma)

Ja, tenkjer eg, og kanskje andre med meg. Men kva viss ein ikkje opplever eit slikt håp? Skal ein då ikkje gjera noko som helst? Eg siterer vidare.

Vår handling er ikke et fryktsomt forsøk på å gjenopprette en ødelagt verden. Da påtar vi oss for mye, for vi er verken allvitende eller tilstrekkelig kloke. Og vi vil aldri orke å holde de gode gjerningene gående viss målet er så momumentalt. Vi vil bli slått ut allerede i forsøket. (Charles Ringma)

Her tenkjer eg og forhåpentligvis mange med meg; Ja, men kor vil han hen? Me må då prøva så godt me kan å gjenoppretta ei øydelagd verd. Me kan då ikkje venta til me blir kloke nok eller til motivasjonen er rein og heil og ikkje har i seg element av frustrasjon og tvang?Så kjem han med «svaret» som ein kan kjøpa eller ikkje. For dei som ikkje trur på noko religiøst, blir dette truleg eit nonsensargument. For meg som faktisk trur, blir det eit tankekors og ei tankeutfordring å ta med meg i dagane framover, for dette var faktisk ein ny måte å tenkja på for meg og:

Handlingene skal være en glad visshet om at alt allerede er gjenomrettet i Kristus. Handlingen springer ut fra et mål vi tror på og ikke et forsøk på å gjøre målet troverdig. Dette håpet inspirerer oss til å gjøre det gode, og gjør det mulig for oss å holde fram med det.(Charles Ringma)

Eg synest det høyrer med i samanhangen at mannen som har skrive dette ikkje er ein livsfjern teologisk tenkjar, men ein mann som gjennom slike tankar som dette har funne kraft og inspirasjon til å driva eit arbeid blant stoffmisbrukarar i Australia, og til å arbeida blant slumbefolkninga i Manilla ved sida av å forelesa ved teologiske seminar… Eg ser ikkje vekk i frå at mange som les her finn dette irrelevant og uinteressant, men slik er det med blogglesing… Kanksje nokon har bruk for å stoppa litt med desse tankane, slik eg kjende at eg hadde framfor eit nytt år belagd med gode tankar om korleis ting skal bli og burde vera, både på det bittelille private planet og i den store verda.

Uansett så vågar eg nå å seia: Gå for det du har tru på og det du kjenner er rett.  Velsigna vere all god vilje…

image

(Tre lys er tend for gode ting, for kjærleik, glede, fred. Mens verda dansar villt i ring, og me må fygja med. For alt det gode som me fekk, for alt det gode me skal få, står lysa som ei bøn til Gud, ei bøn for alt me håpar på. Frå adventsalmen min, her i funkjson som nyårsbøn…)

Heidi

 

5 kommentarar
  1. Scylla's avatar

    Jag förstår inte riktigt vad han säger, Ringma. Kanske för att jag inte förstår «gjenomrettet».

    Jag har länge tänkt att jag borde skaffa ett fadderbarn. Naturligtvis finns det en del skuldkänslor bakom det. Jag lever i trygghet och har i överflöd, samtidigt som andra svälter ihjäl, plågas fruktansvärt, utsätts för fasansfulla övergrepp. Nu under julhelgen har jag näst intill blivit galen på hur ungarna klagar och gnäller över maten, vad de än får, och på att se hur Astrid sitter och kletar, geggar och förstör maten, samtidigt som jag vet att så många barn i världen svälter ihjäl i samma stund. Frustration helt klart. Och jag satte mig därför ner och började läsa på lite mer aktivt om olika organisationer som erbjuder fadderbarn.

    Skulle detta då innebära att jag INTE skulle skaffa ett fadderbarn enligt Rigma? Jag måste ha missuppfattat allt.

  2. heidiskriv's avatar

    Gjenopprette betyr å få ting i orden igjen, å retta opp feilen som gjer at noko blir gale. Eg er samd i ditt resonnement, og meiner at motivet ikkje treng å vera reint og heilag før ein kan drista seg til å gjera gode gjerningar. Eg trur ikkje han ville ha protestert på det heller, men eg tolkar det slik at den gode vilje og det gode initiativ først får verkeleg slitestyrke om det ikkje har sin grunn i dårleg samvit eller frustrasjon. Men eg kjenner at eg og må la Ringma sine synspunkt få synka inn før eg veit om eg torer å gå god for dei. For meg var det meir enn noko eit tankekors og eit element av ein heilt alternativ måte å resonnera på. For å hevda noko slikt trur eg at ein må vera veldig sterkt overbevist om guddomelege sanningar. Her kjem jo dei ulike måtane å tenkja etikk og inn. Sinnelagsetikk, konsekvensetikk osv… Dei fleste av oss lever vel med tanken om at målet til ein ganske stor grad heilagar middelet. Eg har vel ofte tenkt litt motsatt av Ringma: Det at eg gir nokon pengar er det overordna. Kva følelsar eg gir pengane med er heilt irrelevant for dei som treng dei. Men her er det kanskje lett å blanda saman ulike tankar og motiv… Det eg eigentleg trur Ringma meiner er at i Kristustrua kan ein finna styrke til å gjera det gode utan at motivet er frustrasjon eller plikt… Og at viss ein gjer «det gode» bare ut av frustrasjon eller plikt, så vil handlingane vera mindre slitesterke og ein kan koma til å slita ut både seg og den gode viljen… I motsetnad til om ein gjer det i glede ut i frå ei overbevisning om at det er det gode… Som du ser, så er det mange spørsmålsteikn mellom linjene mine og. For meg vart sitatet så «annleis» alle vanlege tenkemåtar at eg fann det verd å stoppa opp og ta ein tenkepause. Men om du vart klokare av det eg skreiv er vel slett ikkje sikkert 😉

  3. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Og eg synest at eit fadderbarn er ein god idé. 🙂 Me fekk nettopp eit.

  4. Scylla's avatar

    Ja, jag minns att du skrev att du skaffat ett fadderbarn. Vilken organisation valde du? Jag sitter här och läser och läser och har svårt att välja.

  5. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Eg valde misjonsalliansen i Bolivia der Sunniva var volontør. Eg veit ikkje korleis det er tilrettelagt for fadrar frå andre skandinaviske land sidan det er ein norsk organisasjon. I misjonsalliansen er systemet slik at du får eit fadderbarn og eit bilete, men dette barnet er meir ein representant for barna i til dømes eit bestemt område i ein storby. Alle fadrane som har fadderbarn i dette området betalar inn til ein felles pot som skal hjalpa alle fattige barn i området til å få til dømes legetetilsyn, tannlege, skule og barnehage. Det er ikkje lagt opp til at ein kan ha direkte kontakt med fadderbarnet eller senda personlege gåver og brev. Dette er for at ikkje nokre barn skal favoriserast framfor andre. Eg synest det er eit fornuftig synspunkt sjølv om ein då går glipp av den mest personlege delen ved det; at dette barnet er mitt personlege fadderbarn som eg kan treffa, ha kontakt med og fylgja personleg opp. Eg trur mange organisasjoner har bra fadderordningar. Lukka til med å velgja. 🙂 Så flott at du vil gjera dette.

Legg att svar til Heidi Avbryt svar