Gå til innhald

Nyårsdagen 2014

januar 1, 2014

imageSå er me i januar, og januar kjem like brått kvart einaste år, sjølv om overgangen blir feira med meir brask og bram enn nokon annan kalendarovergang. Så sit me her med eit nytt år i fanget, i alle fakk reint kalendarmessing. Me kan kanskje framleis seia: «Slik var det fram til 2014, det året då alt snudde, og grepet me hadde om livet endra seg totalt, eller kanskje ikkje… Ære vere alle som starta året med ein tidleg morgonm trankapslar, morgongymnastikk og ein frisk joggetur før dei drakk den grøne vitamindrikken sin. Me skal visa respkt for all god vilje og alle gode startar.

Når eg ser ut av vindauget mitt, ser eg taket på leikehytta heilt inn til vindauget. Der er det buskar med tynne greiner som strekkjer seg over taket, akkurat nå medan eg sat og skreiv, kom det ein flokk små fuglar og landa der. Det må sikkert vera minst hundre av dei. Det har alt begynt å mørkna, så eg klarer ikkje å skjelna om det er spurvar, eller nokre andre små brungrå fuglar som lliknar. Dei sat der to -tre minutt og vippa med vind og tyngdekraft før dei akkurat nå letta og flaug, i alle dall dei fleste av dei.  Ein liten flokk sit att, nå er det tjuetre små fuglar som sit der, eg fekk lyst til å telja. Dei plukkar litt i fjørene sine, vippar litt på stjerten, og plutseleg bytter nokre av dei plass. På ein måte kan dei minna litt om noter i eit notesystem teikna av spinkle kvistar. Dersom nokon har lyst kan dei ta det som eit sårbart lite preludium til året som koma skal.

Me har brukt føremiddagen til å sjå dei siste episodane i første sesongen av «Carnivale». Det er ei merkeleg forteljing med merkelege fargerike personlegdomar knytta til eit omreisande sirkus-tivoli, tankeoverførarar, spådamer, slangetemmerksar, dansarar, ein dvert, siamesiske tvillingar og ein mann med slangehud. Hovudpersonen, ein ung mann som tisynelatande tilfeldigvis blir plukka opp av dei, viser seg å ha overnaturlege og guddomelege krefter som han ikkje ynskjer å ha. Samtidig er det ei parallellforteljing om ein baptistprest og syster hans, om kampen mellom lyse og mørke krefter, og om evna til å sjå foreskjellen. Det har fenga meg litt på same måten som eg aldri kunne få nok av HC Andersen sine eventyr då eg var fem år, men nå trur eg eg står over sesong to og resten av serien. Eg får ikkje heilt bestemt meg for kva eg meiner om historien og tematikken, men eg må innrømma at det er drivande godt fortald. Alle som elskar gode forteljingar slik eg gjer det, det vere seg gjennom bøker, muntleg forteljing eller film, kjenner kjensla av å bli trukke inn i eit univers som ikkje er ditt eige. Eg hugsar at eg, spesielt då eg var rundt tjue år, kunne kjenna meg heilt ute av mi eiga verd når eg las gode bøker, og dette er litt på same måten. Eg hugsar at bøkene «Isslottet» av Tarjei Vesaas og «Barføtt gjennom Europa» av Kaj Skagen var bøker som hadde den virkninga. Tjue år seinare prøvde eg å lesa den siste boka om igjen, men då virka ho ikkje slik lenger. Som forteljar og skribent er det vel på ein måte dette å la ei forteljing bli levande og brenna seg inn i den som høyrer eller les ein prøver å oppnå. Eg blir minna om at forteljingar er sterke saker.

imageI går kveld, og langt ut på natta, var me i eit veldig triveleg nyttårsselskap. Flinke Gunnar klarte å servera nykokt fersk torsk til fjorten personar. Til fisken var det poteter, pepar, dill, gulrøter, erter, sprøsteikte baconterningar og hollandaise-saus. Eg trur det må vera den beste maten eg har ete denne jula. Det smakte heilt fantastisk. Han hadde vore inne i byen tidlegare på dagen og kjøpt fersk fisk som han frakta heim på is i plastboksar.  Nede i Sandtangen var det kommunalt fyrverkeri klokka tolv, nokre drog ned for å sjå på, medan fleire av oss foretrakk å sjå på det heile gjennom glastaket i vinterhagen.

Og så står me plutseleg med begge beina i januar månad i eit nytt år, og ser oss litt fortumla omkring. Her i huset har me starta mjukt og forsiktig, og tøyer jula litt lenger, snart skal me besøkja venner i Sandnes som me ikkje har sett på kjempelenge, og så skal kvardagene koma gradvis frå i morgon av.

Alt godt i året som kjem til alle som les her. Eg tenkjer eg går for ein sesong til.

Diktboka eg drog ut av hylla i dag er skriven av ein gammal mann, Jon Fjone frå Telemark. Han døydde i 1999, åttiåtte år gammal, og boka er utgitt då han var åttifire år, som ei gåve til «Røde kors, Telemark», og utgitt via Seljord kunstforening. Boka har eg nok kjøpt i Seljord. Ho er signert av kunstnaren og har tittelen «Droseple». Nå skal eg sjå om eg finn eit fint dikt eg kan bruka til å opna det nye året… Og eg ser, at i dag blir det eit kort dikt, som står i ein slags samanhang med det første biletet…

Kome heim

Eg tek venlege steg
kvar kveld
når eg traskar heim
frå skogen.

Jon Fjone

Kanskje det ikkje var det dummaste temaet for eit nyår: Venlege steg.

Heidi

4 kommentarar
  1. Är det du som glittrar det nya året till ära?
    Låter spännande den där serien, Carnivale, tycker jag 🙂

  2. Nei, det er Hilde, ei venninne av meg som glitra så fint på festen i går. Det ville vore interessant å høyra kva du tenkjer dersom du ser Carnivale, Scylla 🙂

  3. Är den norsk, serien?

  4. Heidi permalink

    Nei, amerikansk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: