Sundag
Eg opphøya viss akkurat fredagar til høgdepunktet i veka, men sundagar er slett ikkje så verst dei heller. Det begynner på laurdagskvelden med tanken på at ein ikkje treng stå tidleg opp neste morgon. Akkurat det er ein av yndlingstankane mine, enten eg er ute i det store livet på eit eller anna kjekt, eller eg bare tek livet med stor ro, for eksempel på sofaen i loftstova med eit skråblikk på det som måtte interessera på fjernsynet eller i ei god bok.
Og så ta det veldig med ro om morgonen, for eksempel med ei god bok, ein biografi, kanskje, denne er eg heilt hekta på akkurat nå.
Eg synest alltid det er så spennande å få kikka inn i nokon sitt liv. Eg kunne ha skrive svært mykje om livet til Jakob Sande, som eg er i ferd med å oppdatera meg på med stor interesse. I dag vil eg bare nemna at han lærde seg romani, språket til dei reisande, fordi han hadde venner blant taterane, og hadde planar om eingong å skriva eit større verk om dei. Han skreiv til og med dikt på eit slags romani.
Etter frokost med min aller kjæraste, bakte eg eplekake medan eg høyrde på radiogudsteneste, og fleire veldig interessante radioprogram. Heia P2. Eg brukte litt tid på å finna ut om det var bryet verd å laga mønster med epleskivene… Det var kjekt å prøva det ut, men eigentleg trur eg ikkje nokon la merke til det før eg sa i frå at dei måtte sjå på ho før dei begynte å skjera.
Etterpå brukte eg tid på å førebu bønnevandring med sju postar til den økumeniske kveldsgudstenesta før det me hadde i nærleiken av hundar og vaksne ungar ramla inn til spaghettimiddag og eplekake.
Så var det rigging av bønestasjonar nede i kyrkja saman med Irene. Lovsongsteamet øvde mens me rigga til, og det var fint å halda på.
Kyrkja var full av folk. Det var fint å vera der. Eg kjende den der udefinerbare kriblina eg av og til får i kroppen i møte med det heilage. Ein kjenner seg som ein del av noko større og dørene blir opna til eit rom me ikkje alltid veit om. Eg trur ikkje eg klarer å forklara det betre. Etter nattverd og lystenning får eg bera fram krukka med alle bønnelappane som blir skrivne. Dei blir borne fram til altaret og løfta opp til Gud. Det kjennest fint å flov til å gjera det. Bønene blir ikkje lesne av nokon, men eg trur det er fint for oss å få lov å skriva dei, leggja dei i ei krukke saman med mange andre bøner og sjå dei bli løfta fram for det heilage. Eg har tru på symbolhandlingar. For mange av oss rekk dei lenger enn orda… Og det skriv eg som er ein skikkeleg ord-hemul…
Og så var det rydding, og så er det kveld. Eg trur eg har nemnt det allereie. Ei helg går jammen fort…
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, Mat, Tru





