Gå til innhald

Son til Vofsi…

februar 15, 2014

fruktfatansikt

Kven kjem frå Esjkoldalen, men store drueklasar, granateple og og fikenar? Jo, det er Nahbi, son til Vofsi frå Nathanaelstammen. Av og til opplever eg ein barnsleg fryd over namn som sporer meg heilt av frå all seriøs forskning og ettertanke, i den grad eg måtte driva med slikt. Eg klarer ikkje å la vera å sjå for meg Vofsi, viss namn på hebraisk sjølvsagt ikkje har noko som helst med mine eigne assosiasjonar å gjera. Eg får lyst til å laga ei biletbok av Nahbi og Vofsi, sjølv om eg ikkje utan vidare liker historia dei er ein del av… Og kva med fantastiske Jubal og Jabal og Tubalkain, dei og henta frå gamletestamentet, dei er sønene til Lamek og Adah. Endå meir fristar det vel å flytta dei inn i ei biletbok så lenge Jubal er stamfaren til alle som spelar harpe og lyre, Jabal er stamfaren til dei som bur i telt og held buskap medan Tubalkain var den aller første smeden. Det er då nesten som verselinja «Både Jubal og Jabal og Tubalkain syng seg sjølv? Eigentleg burde eg ikkje hekta meg opp i at nokon er son til Vofsi så lenge eg og alle som er frå Ålgård veit at idol- Siri er barnebarnet til Pus, men slik er det nå eingong blitt likevel.

Då eg prøvde å læra meg spansk grammatikk vart bøyiingsforma «haremos» liggjande og stengja for forståinga, og det blir litt muntrare stemning rundt eit skiskytar arrangement så lenge ein av deltakarane blir nemnd under eit namn som høyrest heilt ut som «Labbe Lund». Dei som har lede bøker om Ludde og Labbe Langøre forstår nok kva eg meiner…

Og då eg oppdaga at namnet Dunkert fakrisk eksisterer, så var eit hjørne av fantasien min straks i gang med biletboka «Dankert, Dunkert og Davidsen»… Eller noko liknande…

Midt i dette svadaet, skal eg la vera å nemna at på ein gitt plass i den fine songen «Deg være ære,» stikk ein liten bever hovudet fram og smiler til meg… Nei kva var det det stod i bilen, betre å tala fem ord med min forstand enn titusen…, men det var ein heilt annan samanhang. Eg trur eg beskyttar meg mot meg sjølv og stoppar her… Eg må viss vera overtrøytt 😉

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget