Gå til innhald

Som djupt vatn

februar 15, 2014

ender i storm

Akkurat nå er det vatn på alle kantar i form av heftig regn, og etter nokre dagar med bortimot vindstille, bles det ganske kraftig att. I går omdisponerte eg skrivedagen min, og bestemde meg for å skriva i dag i staden. Nå har eg leika god nordmann og sett på damestafetten i OL, som ende med at det vart erklært skandaletilstandar sidan dei norske jentene bare kom på femteplass og tydelegvis ikkje hadde så gode ski. Så må dei stakkars jentene på grillen og forklara nasjonen kva som gjekk gale og korleis det kjendest å bli send ut med dårlege ski. Dei smiler tappert og seier det folk vil høyra, at denne gongen gjekk det ikkje, men me kjem sterkare tilbake seinare.

På den omdisponerte dagen, var eg og Ingrid først på besøk hos mor og far, og så laga eg middag til fire gode venninner som var her i litteraturgruppe. Nå sit eg her og skyler ned store mengder med svart kaffi og prøver å klarna hjernen til ei skikkelg skriveøkt i eit rom der eg nok burde setja av eip par timar til rydding… Eg har lese i ordtaka, det som før heitte Salomos Ordtøke i Bibelen. Der står det mykje som får meg til å tenkja at det å vera menneske har mange av dei same komponentane om ein lever i den eine eller den andre tidsalderen.

Som djupt vatn er tankane
i menneskehjartet,
den som har vit, kan ausa av det.
Ordt. 20.5

Og det er mykje det skrivinga handlar om for meg, å prøva å ausa av tankane i menneskehjartet. Det er så mange inntrykk som ligg der, så mange stimuli me blir utsette for heile tida, så mange tankar som demmer seg opp, og som ein ikkje får tenkt ferdig. I tillegg er det alt som skjer samtidig. Akkurat nå går det ei klatt fram og tilbake på tastaturet, ho veiver halen sin fram og tilbake over teksten eg vil skriva av og strekkjer halsen slik at eg får eit malande kattehode som gnir seg mot halsgropa medan eg skriv, før ho bøyer hovudet ned og angrip fingrane mine med ein futktig snute og ei raspande tunge. Kanskje dette overivrige dyret saknar Sunniva som er reist til Hamar denne helga?

Den same Sunniva gav meg eit godt skriveråd her om dagen. Ho sa at eg måtte passa meg litt for gjentakingane slik at ikkje mange av dikta blir alt for like. Ho brukte eksempelet at det ser ut som om eg har blitt heilt opphengd i motivet med malande kattar. Det har ho heilt rett i. Det er bare det at dette kattedyret med løfta hale og mjuke tredeputer spaserer rett inn i lyrikken min og nektar å la seg avvisa. Men frå nå av folkens, frå nå av skal eg tola litt kattehår før eg let meg distrahera.

Eg innser og at forfattaren av ordtaka, som ikkje lenger nødvendigvis er kong Salomo, har ein flik av sanninga når han, eller kanskje det til og med er ei ho, uttalar:

Det finst gull og perler i mengd,
men klok tale
er eit sjeldsynt smykke.

Ordtaka 20.17

Eg ser ikkje vekk i fra at eg kan koma til å skriva meir her seinare i dag. Ikkje bare i tilfelle den kloke talen skulle dukka opp…
Katten legg seg over høgrehanda mi med nesten full tyngde, men det var det eg skulle la vera å skriva.

Ha ein fin laurdag i regnet! Eg helsar med ein bit trollskog frå første klasse.

Steintroll i trollskog

Heidi

2 kommentarar
  1. Det er naturleg at katten inspirerar deg så mykje som den kjem og uroar deg i skrivinga hehe 😉

  2. Ja, slik er det… Men kanskje han har gjort nok av seg nå 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: