Andre sundagen i mars
Det er vår ute. Tidleg vår som skal koma meir og meir. Eg kjenner det på lufta og ser det på lyset, men framleis er livet lysebrunt halmgult og grått med ringlande kvite klokker i den svarte jorda.
Me var i kyrkja for å få med oss sundagsgudstenesten. I dag kunne dei lokka med kyrkjemiddag i staden for kyrkjekaffi, men me hadde invitert alle ungane på middag og droppa lapskausen i kjellarstova.
Eg nyt at akkurat nå i vår kan me samla alle saman rundt middagsbordet viss me vil. Det blir nok atskilleg vanskelegare frå hausten av. Dei er som regel ikkje seinbedde heller. Denne helga har me hatt middag i lag både fredag og sundag. Oddvar er offshore, så han kunne ikkje vera med. I dag var det Leif som svinga gryter og steikepanner og serverte peparbiff.
Etter middagen reiste eg og jentene ned til stranda saman med Oscar for å gå tur. Me kom ned i sekstida. Det var guddomeleg vakkert der i kveld. Kveldssola la eit varmt fargefilter over det heile, og eit lite drag av havsskodde la seg som eit mjukt slør over stranda og havkanten. Vindretningen gjorde at havet kokte heilt kvitt av skum, som la seg som eit tynt kniplingslag over sanden i strandkanten kvar gong ei bore hadde brote og slo inn mot land. Bølgene slo ganske langt opp, og viska ut spor etter menneske og hundar med jamne mellomrom.
Eg hadde ein avtale med Toril seinare på kvelden. Eg skulle koma på besøk til henne for å høyra melodien ho hadde laga til ei salme eg har skrive. Akkurat som eg visste, så var melodien veldig vakker. Det var ein folketoneinspirert melodi med både vemod, glede og kraft i. Eg gler meg til me har fått til å skriva ut notene slik at eg kan dela salmen her. Sånn kreativt samarbeid der to eller tre partar bidrar med ting dei kan som den/dei andre ikkje kan, og får til noko ingen av partane kunne fått til aleine, det har eg rett og slett sansen for. Det hadde vore utruleg kjekt å ha evna til å komponera musikk, men samtidig er det noko veldig spennande med at eg og tekstane mine må ut langs vegane for å finna oss ein melodi.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Jærstrendene, Mat, Musikk, Natur, Oscar Otto, våren, veret





</a

