Skip to content

Det fins et hav som ingen ser

mars 8, 2014

image

Det finst ein vår, som faktisk ringler med kvite klokker i vintersvart jord med dødt gras og lauv frå i fjor. I dag såg det ut som vår då eg kikka ut av vindauget, og det var ei ganske berusande kjensle. Eg tenkte at dette var dagen til å koma seg ut, men først måtte eg bare…

Og etter litt veldig naudsynt rydding og golvvask, bar det ut i åttande-mars-dagen med notatbok i veska. Eg har faktisk gått i åttande-mai-tog fleire gonger i mitt liv. Den eine gongen med Odd Christian i magen, då kjende eg meg vaksen og politisk bevisst. I dag lot eg det vera. For meg er abort eit såpass problematisk tema at eg ikkje kan gå i tog der det blir veldig fronta. Eg har kjøpt både kvinne-journalen og Sirene og gått med lilla skjørt og lange fletter og store sjal og jakkemerke med «fellesaksjonen mot pornografi» og «Nei til prostitusjon». Når det gjeld abort synest eg ingenting er opplagt eller enkelt. Eg vil ikkje tilbake til strikkepinnar, men eg kjenner sorg over kvart einaste barn som aldri blir fødd, og for dei som av ulike grunnar ikkje ser ei råd med å bera fram barnet. Eg forstår at nokre gonger er det bare slik det er, men eg har aldri klart å heilt forhalda meg til at det for nokon virkar så enkelt.

Eg skal ikkje skriva meir om det her. Eg ser meir mi oppgåve i å prøva å gjera livet til ein god plass for barn som allereie er fødde, enn i å seia noko som helst som kan opplevast som fordømmande eller vanskeleg for dei som har måtta ty til abort. Det einaste eg ikkje forstår er at nokon synest at det er enkelt. Men ein aldri så liten parole i anledning dagen kostar me på oss, og visst reknar eg meg som feminist, på dei fleste plan. Ein gong i tida hadde eg eit fint merke der det stod «Viss kvinnene fikk styre verden…» Eg trur det var i samband med «Nei til atomvåpen», som eg og har vore ivrig medlem i.

image

Eg gjekk ned til sentrum og oppdaga at det snart er påske… Det verste er at eg faktisk fekk lyst til å kjøpa påskepynt. Eg stod i mot impulsen enn så lenge, og kjøpte i staden serviettar med fine vårblomar på.

image

Så tenkte eg at eg kunne jo leva litt det same livet her heime som eg gjorde i Trondheim. Eg gjekk inn på den eine avdelinga på Kjøkkenet der Sunniva faktisk var på jobb i dag. Ho serverte meg cappuccino. Biletet vart uskarpt, men ho hadde absolutt ikkje tid til å posera slik at eg kunne få teke eit skarpt eit.

image

image

Kafelivet i den vesle byen min var nemleg særdeles pulserande i dag. Ikkje først og fremst fordi me feira åttande mars, men fordi me har livsgledefestival her i desse dagar. Det er ein fin og livsbejaande idé at byen av og til skal stansa opp og feira livsgleda. Det var diverse små konsertar, utstillingar, kunstkafe for barn, og gode tilbod i butikkane som gjorde at folk tok seg ut til sentrum, og mange var kaffetøtste og småfrosne. Det vart ikkje så mykje skriving, men eg opplevde at det var ganske koseleg å virra rundt på eiga hand i sentrum nokre timar. Eg snakka med mange hyggelege folk eg ikkje snakkar med så ofte, og fleire kom bort til meg for å seia at dei likar det eg skriv. Det er både fint og litt rørande å oppleva slikt.

Etter ein ettermiddag i byen, var det klart for å løysa inn julegåva frå Leif. Eg hadde nemleg fått gåvekort frå han om at me skulle på Arja Saijonmaa- konsert 8.mars, og at me skulle eta ute. Sidan i vår har me hatt ein georgisk restaurant på torget, men det har aldri falt seg slik at eg har vore der. I dag var tida inne, og det var ei veldig positiv oppleving. Maten var både rimeleg og veldig god, og lokala var fine, lyse og trivelege. Eg åt georgisk ostepai, som var ei slags blanding av naan-brød med kvitlauk og pizza sånn smaksmessig, men ein ganske sterk saus til, Leif hadde pai med pepperonipølse, som og var god. Etterpå hadde me espressokaffi og cappuccino og delte ein georgisk dessert, som var pannekaker med ein slags valnøttmarmelade inni. Dit skal eg igjen, og eg skal anbefala staden til andre. Eg håpar dei har nok gjester til å overleva der.

På Arja-konserten hadde me billettar på første rad. Då ho kom inn på ganske høge stilletthælar og ein elegant svart kjole med høge splittar og raudt silkefor, såg eg straks at ho hadde hekta fast skoen. Den eine stilletthælen hadde gått rett gjennom forstoffet slik at ho var ein millimeter frå å snubla og gå på nasen. Under heile først songen prøvde ho utan hell å lirka hælen laus utan å lukkast, så ho måtte bare le av det og gjera eit nummer av å få foten ut etterpå. Då hælen sette seg fast same plassen like etterpå tok ho det og på strak arm, og kom seg gjennom utan å snubla og falla. I anledning av kvinnedagen delte ho ut langstilka roser til kvinner på første rad.

Det var veldig fint å sjå og høyra henne i ekte nåtid. Ho er ei flott kvinne med eit sterkt nærver. Så kan eg ikkje la vera å bli imponert over at nokon som er definitivt ein heil del eldre enn meg bevega seg så ubesværa på skyhøge stilletthælar. Eg har lenge likt måten ho syng på, og spesielt tolkingane hennar av tekstane til Mikis Theodorakis. For meg var desse songane høgdepunktet på konserten. Ho kler å bruka stor patos og kraft når ho syng. Til slutt song ho som forventa «Jag vill tacka livet», som vel er den songen ho er mest kjend for. Eg og Leif var litt sjokkerte over at Sunniva aldri hadde høyrt om verken Arja eller «Jag vil tacka livet». Frokosten i dag foregjekk til høge tonar av «Gracias a la vida, que me ha dado tanto,» for å auka folkeopplysningsgraden i heimen. Til slutt spurde Sunniva om det var greitt at ho dempa musikken litt… Og det var det.

Og for dei som vil høyra litt av det same som oss, her er ein smakebit frå You-tube. Og forresten, pianisten, eller kanskje det heiter «akkompagnetøren ved flygelet», var heilt fantastisk. Eg trur aldri eg har høyrt nokon kompa på den måten. Petri SOmer, heiter han.Finsk han og…

Forresten, eg gjorde ei lingvistisk oppdaging. Det høyrest ut som om finnane uttalar kj-lyden på haugesundsk maner, altså «tj». Arja song om «tjärlek» och «tjyssar» akkurat som ein god haugesundar ville ha gjort det.

Og så var åttande mars ferdig før eg fekk publisert teksten tileigna dagen… Men nuhhh gjer eg det…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: