Skip to content

Tider skal henrulle

mars 10, 2014

image

I morgon skal eg fortelja frå barndomen til bestemor mi på Figgen. Gunn sa at ho kanskje hadde forskjellig som eg kunne bruka, så eg måtte sjølvsagt reisa opp til Ålgård for å sjå… Eg har problem med å begrensa meg når eg først set i gang. Eg reiste heim med eit tre-etasjes matspann til å bera heim mat frå folkekjøkkenet i, skulebøker som heit sikkert er dei same som bestemor brukte på skulen, bøker om DFU og eit gamalt fotoalbum med bilete frå Figgen. Eg visste at eg i beste fall kunne finna nokon ev visste kven var ut i frå alt bestemor har fortald. Eg vart glad og opprømt då eg fann eit bilete av «moster», mor si tante, som aldri gifta seg, og derfor var ei ekstra bestemor for meg i heile oppveksten.

Moster er jenta til høgre på dette biletet. Eg har aldri før sett eit ungdomsbilete av henne, så det var stort. Eg kjenner henne faktisk godt igjen. Moster og bestemor var dei av dei åtte barna til Bendiks og Anna Kristine som overlevde tuberkoloseepedimien på begynnelsen av nittenhundretalet. Anna Kristine døydde og, ein månad etter at ho hadde mista ei jente på fem og nokså nyfødde tvillingar i løpet av to dagar. Moster haldt på å bli blind eit par år seinare og låg på sjukehus i mest eit år etterpå. På dette biletet kan ein nesten sjå at ho ikkje ser så godt. Venninna hennar, Beate er ei av to systrer som eg høyrde mykje om, Otalia og Beate.

image

Og her er Otalia. Biletet var så fint.

image

Her er den første fabrikken, som oldefar min kom for å arbeida på på slutten av 1800-t. Eg har til min forskrekkelse funne ut at fabrikken brann ned i 1904, så på toppen av tuberkuloseepedimien, så er det vel truleg at oldefar Bendiks var meir og mindre arbeidsledig i desse skjebnesvangre åra då han mista mest heile familien sin. Fabrikken vart i alle fall ikkje heilt opna att før i 1906. Eg angrar på at eg ikkje sørga for å få vita endå meir om desse tinga, før dei som visste noko særleg meir enn meg døydde. Eg trur eg må skriva ned alt eg veit i alle fall…

image

Då bestemor døydde nitti år gammal, var ho veldig oppteken av barndomen sin og det som skjedde der. Ho fortalde at det var akkurat som om ho tok turar tilbake til Figgen og gjenopplevde ting. Eg fekk ein følelse av at ho var ei lita jente att, og at eg var den vaksne. I dag hadde eg litt av same følelsen då eg plutseleg møtte ei heilt ung moster og venninnene hennar i ein gammal album. Det er rart dette med tid. Og etter å ha runda femti sjølv, så er ikkje femti år bakover den andre vegen frå fødeåret mitt så frykteleg lenge. Nå må eg bare besinna meg så eg ikkje legg opp ei alt for ambisiøs forteljing for 6-7- åringane som skal høyra på…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: