Eg har ein herleg morgon i lag med Eva Mari i Kirkeveien i Bærum? Kaffi, klementiner, svart kaffi og knekkebrød med cottage cheese, fine raude tulipanar på bordet og herleg morgonsol utanfor glaset. Vårsol har me ikkje fått for mykje av, og det kan me viss heller ikkje få…
Nevø Oscar er her og. Det er så fint å treffa han av og til.
Og han er sporty nok til å seia at eg får lov til å setja dette biletet på bloggen sin. Kjekk gut, Oscar…
Om ikkje så veldig lenge skal eg bevega meg i retning trikken og prøva å finna fram til Lysebu. Det blir spennande. Eg har godt av å tøya grensene på å gjera ting aleine. Eg er veldig glad i å gjera ting saman med andre… Men av programmet ser eg at det er mykje sosialt, så eg finn nok nokon å snakka med…
Heidi


