Gå til innhald

På dansk-norsk salmeseminar

mars 28, 2014

imageDet gjekk heilt greitt å finna fram. Eva Mari og valpen Lara slo følge til den første trikken, og på Frognerseterbanen møtte eg nokon som skulle til same plassen. Me er høgt oppe i Hilmenkollåsen, og her ligg det framleis mykje snø, som du ser på biletet. I tillegg er det deilig vårsol her, og det har vore godt og varmt i sola.

Me fekk servert nydeleg lunsj der eg snakka med to kjekke danske damer, og etterpå har eg vore på eit langt og interessant foredrag om dansk salmetradisjon med fokus på Kingo, Brorson og Grundtvig. Eg har spesielt lyst til å setja meg endå meir inn i Grundtvig sine tekstar. Etter ein pause med kaffi, frukt og makroner, var me på Petter Dass forestilling. Veldig fint det og. Petter Dass sa ein gong at på same måten som han foretrakk å servert norsk mat framfor mat på fransk eller anden udelandsk maner, så såg han ingen grunn til å lovsynge Gud via landskapet i Roma eller Jerusalem. Landskapet på Helgeland fekk duga. Sidan Gud er «midterste mann», altså alltid midt i blant oss, så er han i Helgelandsnaturen og.  Av framand mat som er ukjend på Helgeland, så meiner eg han nemnde oliven. Eg trudde ikkje folk for så mange hundre år sidan hadde forestillingar om oliven i det heile tatt, men mannen var jo ein tur i Danmark, då.

Nå er eg ein tur på romet før middagen om ti minutt. Her er det ikkje fjernsyn, men på radioen har eg fått med meg at me har mista  Jens Stoltenberg til Nato. Høyrde at nokon hadde skrive på Internett at dei opplevde han som for konfliktsky til ein slik jobb. Då vil eg gjerne seia for eiga rekning at om det er ein plass i dei store systema eg ynskjer meg ein konfliktsky person, så er det i toppsjiktet i Nato. Gratulerer, Jens. Eg har tru på deg!

 

Heidi

From → Reiser, Skriving, våren

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: