På toget att
NSB sin kanskje mest trufaste stamkunde er på toget att og ser fram til ei sju timer lang reise med kven-veit-kva-det-vil-bringe-denne-gongen. Utrusta med biografier, i-pad, notisbok og bankkort til kafevogna, så må det vel bli gode greier dette. Me begynner med eit stopp Nærbø stasjon, som alt har vart ganske lenge. Det var nok bare eit møtande tog, for nå ruller me att…
Det er nokså dårleg med internettdakning langs sørlandsbanen, men nå er det eit lite Glimt av denslags, så det får eg benytta meg av…
Eg har prøvd å fotografert den fine havsutsikta. Og ete wraps med ørret og snøfrisk, og den veldig gode yoghurten frå «urtehaven» som dei har begynt å selgja på toget. Sterk kaffi vart det og. Eg les ein nydeleg biografi om Einar Skjæråsen, ein dikter eg er veldig glad i. Han seier om seg sjølv at han hadde «den ømme gaven til å kunne elske.» Dikta hans ber preg av dette. Fleire av dei rører meg til tårer.
Eg veit ikkje om eg får skrive så mykje meir før dekninga forsvinn att.»Sedane» er nettopp blitt snudde i Kristiansand og me passerte nyleg Vennesla. Eg får venda tilbake til Skjæråsen …