Sol og vår
På toget heim gjorde eg eit forsøk på å skriva eit innlegg, men det vart for vanskeleg. Dekningen var frykteleg dårleg. Med denne kommoden ville eg visa kor fint det er på Lysebu. Huset var nesten som ein kongsgard frå eventyra. Eit stort tun, med stabbur og gamle bygningar bygde i gammal stil, inne var det veldig estetisk ordna til med masse friske blomar, levande lys, faklar og peisbål. Det var framleis masse snø der oppe, bare ca 40 minutt med banen frå varme, vårlege Oslo sentrum.
Etterkvart har eg blitt veldig redd for ikkje å nå tog, bussar og fly og sånn. Slik var det ikkje før, då gjekk det nesten sport i å ikkje vasa vekk tid på venting. Eg tenkte at sidan det i løpet av natta var blitt sommartid, så var det ikkje sikkert at trikkane var i rute, dessuten veit eg om meg sjølv at eg er i ferd med å gå meg vill nesten kor som helst. Eg bestemte meg derfor for å droppa det siste foredraget og avskjedslunsjen for å vera heilt sikker på å nå toget mitt.
Det gjekk som det suste nedover, og eg hadde veldig god tid. Eg hoppa av på Nasjonalteateret stasjon for å nyta sola på Karl Johan. Eg kjøpte meg eit = Oslo, og sette meg ned utanfor sentralbanestasjonen for å lesa i sola. Eg hadde faktisk ei kjensle av at eg kanskje kunne treffa nokon eg kjende.
Og plutseleg så stod Borghild der, eg såg ho ikkje før eg nesten fekk ein klem. Ho hadde god tid ho og, og me fekk oss ei roleg og avslappa stund i sola i lag.
Det var nesten som ein sommardag i Oslo sentrum. Byen vaknar til liv og folk kosar seg ute etter ein lang og mørk vinter.
Og med to fine bøker gjekk turen fort heimover. NSB har klart å halda ruta fire togturar på rad. Eg er imponert…
Heidi



