Skip to content

God morgon, verden

mars 29, 2014

RimageSola skin i dag og på Lysebu. Eg har ete frokost med hyggelege menneske. Nokre av dei har eg snakka med i telefonen i forbindelse med oversettelser av salmar, og det er kjekt at stemmer får eit ansikt, eit smil og eit blikk.  Som eg skreiv i går så er det litt skummelt å skulle tilbringe ei helg på hotell bare med folk ein ikkje kjenner, men her er det så mange trivelege folk å bli kjend med,  akkurat som eg i grunnen rekna med. Nå er det ny runde med spennande seminar, så eg får skriva vidare seinare. Ein filmsnutt frå dagen ville det vore gøy å underhaldande bror min med, om eg hadde det på film. Folk som står i frokostkø og nynner høgt på kvar sin salmemelodi. Herleg.

Maten er ein stornopplevelse. Alt er så godt, flotte råvarer, nybakt brød og alltid frisk frukt framme. middagen i går gjekk  Hellstrøm ein høg gang, jordskokksuppe med rista kastanjer, reinsdyrfilet med diverse avansert tilbehøyr og til dessert sjokolademousse, yoghurt is og bjørnebærsorbet dandert som kuler på same storleik som store klinkekuler med bærsaus og mynteblad og eit lett melisdryss…

Dagen har gått sin gang, av alle ting har eg vore på ein workshop der ein skulle læra seg kveding, men eg rekna meg mest som observatør.  Ein av dei aller finaste opplevingane her har vore å høyra Berit  Opheim syngja gamle salmar på gamle norske folketonar med Sigbjørn Apeland på trøorgel. Ho har ein utruleg fin stemme og måten ho syng folketonar på går rett i magen eller hjartet eller kanskje begge deler. Fleire av sekvensane her har vore bygde opp rundt musikalske innslag, det er veldig bra at det ikkje blir bare ord. Nå er det middag om førti minutt, og etterpå skal me fraktast i buss til Uranienborg kirke for å høyra på ein konsert med mellom andre Berit Opheim.

I morgon er det nye spennande foredrag, eg kjem til å stikka av ei stund før det er slutt for å vera sikker på å nå toget mitt med god margin. Eg lurer forresten på om i-phonen min slår seg automatisk over på sommartid eller ikkje? Problemet er om eg kan stola på vekkerklokka, eg veit ikkje om eg orkar å venta til klokka to i natt for å finna det ut… Er det nokon som veit?

Dagens herlegAste kommentar kom frå ein av dei andre deltakarane her, som sjølvsagt er dansk. Eg kikka i ei avis, og me kom i samtale om Nato, Jens og verdenssituasjonen… Ho sa at problemet med Putin er at han er edru. ???? frå norske vestlandske meg? Høyrde eg rett? Svaret var at dei andre russiske leiarane drakk seg då fulle innimellom mens Putin ikkje visste kva vodka var og alltid var klar og kalkulert. Slik kan ein kanskje sjå det med skråblikk. Eg hadde veldig sansen for det Thorvald Stoltenberg svarte då han fekk spørsmål om korvidt Jens var tøff nok til å vera leiar av Nato. Han påpeiker at leiarar ikkje skal vera tøffe, dei skal vera kloke og dessutan ha humor og sjølvironi. Sidan eg sa heia Jens i går, så får eg seia heia Thorvald i dag.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: