Ekte jærsk vår
Visst er det vår her og. Me tok ein føremiddagstur ned til stranda. Der var det ekte jærsk vår med iskald vind, grønkande marker, intens lukt av hevd, eller gjødsel for uinvidde, av salt sjø og råtnande tare. Skipa gjekk ute ved synsranda, og fuglane haldt seg nære stranda. Vipa trippar på markene eller flyg lågt og skrikande over der eg går ut i frå at dei har bygd reir, tre store kvite svaner duppa ute i bølgene, hettemåkane vassa og leitte etter mat, gråmåkane skreik og lerka song. Løvetenner åt seg veg gjennom det seige fjorgamle laget av marehalm, og vitnar om oppstode denne påsken og. Dei tunge grå steingardane stod like støe mot vinden som dei alltid gjer. Eg kjenner att det litt råe draget av fuktig jord og vått fjorgammalt gras som fortel meg at nå er våren her i år og.
Det at det grønkast i det halmgule, det grå og det vinterbrune er eit godt teikn. Våren er i rute, med vemod, glede og denne rare lengten me kjenner att kvart år på denne tida. Lengten som gjer oss levande og rastlause. Etterpå kjem sommaren.
Heidi




