Gå til innhald

Verda står til påske

april 16, 2014

image

Det ser ut som om me med ein viss sikkerheit kan konstatera at verda står til påske i år og. Som nettopp heimkomen frå estetikkens og designets heimby, København, tenkte eg at eg ville prøva å få til litt påske heime hos meg sjølv og. Det var i grunnen lettare sagt enn gjort å få det som eg ville. Tanken var frodig og fargerikt, førsteresultatet vart: I grunnen bare ganske rotete. Akkurat som det i grunnen kan vera å prøva å utretta ting i den ekte verda og…
Ein får prøva seg litt fram og så går det seg kanskje til heilt til slutt, eller så får ein rett og slett prøva på ny med strykejern og gamle broderte dukar, eggelys, og tåpelege gule påskekyllingar…

image
image
image

Du forstår kva eg meiner, ja… Som i livet elles, så fell det meg tungt å tenkja at «Less is more», som det så populært heiter, og ein god minimalist blir eg nok aldri. Og akkurat som med det aller meste i mitt hovud, påsken er så mykje. Påsken er naturen som står opp att etter å ha vore død, påsken er kjærleiken som sigrar over døden, og så er påsken alt dette andre som dei fleste vil svara om dei får ein mikrofon stukken opp under nasen ute på gata: Påsken er egg, appelsiner, kvikk-lunsj, nyfødde lam og påskekrim. Men ikkje lange skiturar, ikkje for meg…

For meg er påsken mellom anna ei viktig religiøs høgtid. Før forstod eg ikkje heilt påsken. Jula og skapelsen var lettare å fatta og harmonerte meir med barnetrua mi. Eg veit ikkje om påsken er blitt lettare å forstå, men påsken er blitt eit stort religiøst mysterium som dei siste åra har fascinert meg veldig. Nokre år har det vore slik at eg helst vil vera heime i påsken for å få med meg alt som skjer i kyrkja. I år har eg vore ute og reist, og det har vei først gått opp for meg i dag, at det faktisk er påske sånn ca i morgon.

image

Eg les om rollespelet i «Paradise hotel» og tenkjar at verda er ei merkeleg greie. Kanskje eg må inn og sjå på. Eg er i grunnen litt sjokkert over at så mange ser ut til å mangla den grundige tilnærminga til kristen påske som me fekk på skulen då eg vaks opp, at så mange ikkje veit heilt kva den kyrkjelege påskehøgtida går ut på. Eg lot meg lokka av statistisk sentralbyrå for nokre år sidan til å bli intervjua om påsken, og vart litt lattermild då det viste seg at undersøkinga gjekk ut på mitt forhold til påskemarsipan og kor tidleg ein kunne begynna å selgja han…

Sjølvsagt er påske mykje meir enn kyrkje for meg og, det er vår, sol, familie, og fri til å tenkja og alle dei andre fine tinga som eg gler meg stort over. Det kyrkjelege påskedramaet har i seg mykje me kanskje snakkar for lite om. Sorg, smerte, svik, kjærleik, forvirring, rette val og vrange val, Peter og Judas, Johannes og Maria, Maria Magdalena og Pilatus som vaska hendene, folkemengdene som ropte, Johannes ståande under krossen, vantru, redsel, tru og siger. Det er så lett for oss å vera ein i folkemengda som ropar det same som dei andre. Hosianna eller krossfest, utan å skjøna rekkevidda av det eine eller det andre.

Og det er lettast å ropa det same som alle dei andre. Ein sjeldan gong hender det vel med dei fleste av oss at me får lyst til å ropa noko anna. At me kjenner me burde ha ropt noko anna, at me kjenner oss tvungne til å ropa annleis enn dei andre og at det gjer vondt å måtta gjera det. Det vere seg at folkemengda ropar hosianna eller ropar krossfest, og at ropet set seg fast i halsen vår og ikkje vil ut. Det kostar å vera menneske. Påsken handlar om det og. Av og til kostar det å ha ei tru og, å vera i den gruppa folkemengda trur dei veit det meste om. Av og til når det stormar kring det såkalte kristenfolket får eg lyst til å ropa; det er ikkje sant, og det gjeld ikkje meg.
Av og til er det klokt å teia. Ei bøn for oss alle enten me trur eller ikkje, må vera å ha evna til å ta kloke og kjærlege val. Og så evna til å vera litt romslege med kvarandre… Trur eg i alle fall…

God påske til alle saman enten huset ditt liknar eit utstillingsvindu hos Illum bolighus eller ikkje… Som farmor mi så klokt sa ein gong ho var her for å hjelpa meg å administrera rotet rundt mine fire små barn då yngstemann var nyfødd… Det er menneska som bur der som skapar heimen. Dette vart springande tankar, men det var nå slik dei vart i dag. Nå skal eg steikja pannekaker til Sunniva og Irene før dei skal i veg i gebursdagsfest.

image
image
image

Noteheftetet på pianoet er eit hefte me fekk av svoger Einar som hadde vore på konsert med norske spanske songar. Tekstane til Olav H Hauge omsett til spansk var utgangspunktet for konserten. Derifrå hentar eg denne fine Olav H Hauge- teksten:

Kom ikkje med heile sanningi

Kom ikkje med heile sanningi,
kom ikkje med havet for min torste,
kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,
men kom med eit glimt, ei dogg, eit fjom,
slik fuglsne ber med seg vassdropar frå lauget
og vinden eit korn av salt.

Olav H Hauge

Heidi

From → Natur, påske, Poesi, Tru, våren

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: