Skip to content

Vår heime og

april 15, 2014

image

Det er faktisk blitt vår her og. Det hadde skjedd ganske mykje i naturen dei fire dagane som har gått sidan me reiste. Flyet tok oss heim i dag, og flyturen gjekk veldig greitt sjølv om dei melde både sterk vind og ein del turbulens i forkant av turen. Det er overraskande lite ubehageleg å fly for tida, likevel er det ein god følelse at eg ikkje har nye planlagde flyturar i overskueleg framtid.

Nå er det nydeleg å ha ferie, eg har veldig mykje eg har lyst til å få gjort. Det er godt å kjenna at kvilepulsen er på plass. Eg har tenkt å halda han akkurat der den komande veka. Me vart henta på flyplassen av ein mann med hatt, og den same mannen laga god mat til oss då me var vel heime. Ein tur til foreldra mine med dansk marsipankonfekt i anledning påsken vart det og tid til. Halvard har brukt søknadsfirstens siste dag til å søkja seg inn på mykje forskjellig og mykje spennande neste skuleår. Det blir spennande å sjå kor han landar. Sunniva har dradd ut med venner i nyinnkjøpt dansk sommarkjole med ein tynn dongerijakke over. Nå er me klare for sommar, sjølv om bilen meldar om «icy road conditiones». Det er ikkje mørkt før klokka ti om kvelden. Kor fantastisk er ikkje det?

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: