Så lenge det er vipe her på Jæren
Så lenge det er vipe her på Jæren skriv Arne Garborg i ein tekst. I år synest eg at eg har sett lite vipe på Jæren og i fjor og. Eg håpar ikkje dei er i ferd med å forlata oss, for det er noko grunnleggjande å sjå vipa, ikkje bare i kommunevåpenet, men og ute på markene om våren. Amen i kyrkja og vipe på Jæren, det er bare slik det er.
Vi-vipp! seier viba.
Ho rir seg så høg ein hest.
Fjør hev ho i hatten og fløyelskufte,
og kvite silkevest
Skriv Garborg i diktet om fuglar, henta frå Haugtussa.
I går høyrde me lerkesong ute ved havet, eg trur det er ei lita lerke som er på dette biletet, men eg må innrømma at eg ikkje er heilt sikker. I det same diktet skriv Garborg så fint om lerka og:
Tirrli-ti! seier lerka
ho stig og stig i mot sky.
Kvar gong ho tirlar i morgonstunda,
då verter verda ny.
Tirrli- ti! seier lerka
ho sviv under kveldven fritt.
Kvar gong ho tirlar i morgonstunda,
det kitlar i hjarta mitt.
Arne Garborg.
Men det aller finaste han har skrive om lerka er nok dette, henta i frå Til deg du hei og bleike myr:
Men lerka stig frå gløymde grav
med sigers ljod;
og vinden stryker inn av hav,
så frisk og god.
Og om me kjenner gråt og gru
og saknad sår
så må me lerkesongen tru
som lovar vår.
Dei setningane er så fine at eg får tårer i auga av å lesa dei høgt. Eg trur eg sluttar denne teksten med fleire fine bilete som kjærasten min tok i går. Eg innrømmar at eg ikkje kan konkurrera med han når det gjeld fotografering.
Ikkje med fotoutstyret hans heller, for den saka si skuld. Ute er det eit lite opplett i regnet. Halvard spelar piano i kjellaren. Han liker å spela piano. Eg liker å høyra på.
Heidi





