Gå til innhald

Endeleg versjon av salme frå Jæren?

april 18, 2014

13893238663_a635a83b19_b

I dag har det skjedd noko spennande. Eg har fått ein melodi til salmen min, laga av Vidar Kenneth Johansen. Eg trur det blir veldig fint. Etter tips eg har fått, så har eg gått ein ny runde med teksten. Eg er framleis ikkje hundre prosent sikker på om dette er den endelege versjonen, og tek gjerne i mot kommentarar og synspunkt. Me har og diskutert litt om salmen er i lengste laget og om eg burde teke vekk eit av versa, eventuelt laga to av dei om til eit vers. Dersom noko skulle strykast, så trur eg det måtte bli andre eller tredje vers, men eigentleg synest eg at dei alle høyrer saman. Eg tek gjerne i mot tankar om det og. Slik ser salmen ut akkurat nå:

Havet dansar, stormen rasar,
bølgjeslag er puls og takt,
trea bøyer seg og teier,
trassar storm og overmakt.
Vind frå vest og vind frå nord,
ropar om at Gud er stor,
alle ville krefter vitnar
om hans herlegdom på jord.

Regnet piskar, regnet sildrar,
alt blir døypt og nytt og vått,
vatnet samlar seg i mørket,
ligg og voggar tungt og rått.
Himmel tøyer seg mot hav,
alt det gode Herren gav,
blir som nytt når regnet vaskar
angst og støv og hovmod av.

Måkar skrik mot lange strender,
viper kjem med lengt om vår,
havet slår mot sand og landskap
dunkar ømt mot draum og sår:
Nye tider skal me få,
me skal elska, leva, sjå
vera trygge midt i vinden
livet spelar for oss nå.

Sommarvindar stryk om jorda,
kjælar blidt med gras og strå,
trea raslar lette rytmar,
grønt i sommarspelet nå.
Vind frå aust og vind frå sør
dansar mjukt som aldri før
kviskrar lågt i moll for jorda
der kor bare føter trør.

Når ein dag med gule åkrar
mogne raunbær, haust og lyng
me skal møta siste kvelden
medan nordavinden syng,
skal me takka før me går
deg som gav oss dag og år,
takka deg som skapte livet
skapte oss til haust og vår.

2413314_1c3904c2b7

vipe

Heidi

From → Jæren, Poesi

4 kommentarar
  1. Steinar Hobberstad Fjeld permalink

    Fantastisk salme, Heidi! Andre og fjerde verset er berre utruleg vakkert forma, grip ein sterkt. Tykkjer slett ikkje salmen er for lang. Dristar meg til å koma med eit par endringsforslag i første, tredje og femte vers, (skrive i parentes) men det er for bagatellar å rekna. Lukke te! Mvh Jarfeld
    Endringsforslag:

    Havet dansar, stormen rasar,
    bølgjeslag er puls og takt,
    trea bøyer seg og teier,
    trassar storm og overmakt.
    Vind frå vest og vind frå nord,
    ropar om at Gud er stor,
    alle ville krefter(allnaturens krefter/alt som lever) vitnar
    om hans herlegdom på jord.

    Måkar(Måker) skrik mot lange strender,
    viper kjem med lengt om vår,
    havet slår mot sand(strand) og landskap
    dunkar ømt (virvlar inn) mot draum og sår:
    Nye tider skal me få,
    me skal elska, leva, sjå
    vera trygge midt i vinden
    livet spelar for oss nå.

    Når ein dag med gule åkrar
    mogne raunbær, haust og lyng(blåbærlyng/blomsterlyng)
    me skal møta siste kvelden
    medan nordavinden syng,
    skal me takka før me går
    deg som gav oss dag og år,
    takka deg som skapte livet
    skapte oss til(ein) haust og vår.

  2. Tusen takk for gode innspel, Steinar. Takka vera deg oppdaga eg at eg hadde lagt ut feil tekst i går, det var den gamle som låg på «klipp og lim- funksjonen», tydelegvis. Nå må du lesa den nye varianten… Eg har alleireie fått melodi til salmen, så eg kan ikkje setja inn ord som endrar rytmen. Eg set veldig stor pris på konsulenthjelp. 🙂

  3. Steinar Hobberstad Fjeld permalink

    Då eg las gjennom den reviderte teksten, blei eg glad. Salmen er inderleg, sterk og god. Han er lett å leva seg inn i. Du har gjort kloke val, ser det. Og det eg skreiv hadde eg truleg ikkje sendt om den nye versjonen hadde kome med ein gong. -Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, som dei sa før. Gildt at det er sett melodi til, gler meg til å høyra salmen din sungen! St.

  4. Eg er så glad for at du fekk meg til å sjå ein gong til på teksten…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: