Gå til innhald

Rett rundt hjørnet ligg solstrålene – (sitat frå elevtekst)

mai 3, 2014

image

Den etterpåkloke vermeldinga for den tredje mai, må vera varm sol, kald vind og eit par små kjenningar av vårregn tidleg på kvelden. Som biletet fortel, så har me vore på tur i Stavanger i dag og. Eg har oppdaga at det er veldig kjekt å gå tur i bygater, og min fotograferande sambuar har oppdaga at det er veldig kjekt å fotografera i bygater. Slik er det å ha vaksne barn og få forpliktingar, det er bare å hiva seg i bilen og dra ut på tur når det måtte passa oss. Ein koseleg lunsj på ostehuset fekk me og lagt inn. Ungane ringde frå heimen og spurde om dei fekk lov til å starta på grillmaten i kjøleskapet, som var kjøpt inn til i morgon, og me svarte at det kunne dei bare gjera, me kunne handla inn meir. Eg anar ikkje kven det blir som skal grilla her i morgon, men det vil visa seg. Byen var prega av både russetreff og konfirmasjonar, både bunad og russedress var hyppig brukte kostyme i gatene. Det aller beste er at byen er blitt heilt grøn sidan sist. Me var innom biblioteket, der eg fekk aktivert det nye nasjonale lånekortet mitt, slik at eg kan begynna å låna e-bøker. Eg må jo tilstå at bakstreversk som eg sikkert er, så er eg glad i å ha ei heilt ekte bok med ark og sider mellom hendene, men eg tenkte eg kunne gke det ein sjanse.

image

Det beste med dagen er kanskje at eg er ferdig med elevtekstane som skal inn i boka frå Skapande skriving. Det kjennest veldig bra. Det gjenstår framleis litt korrekturlesing og meir teknisk arbeid, men innhaldet er så godt som klart. Me må og finna tittel på boka. Eg har henta ei liste moglege tekstar frå elevane sine tekstar. Det er befriande å sjå kor uortodokst ungar og ungdomar kan uttrykkja seg når dei skriv. Eg har funne formuleringar som desse:

Våren er ein edderkopp
Våren er ein hane
Med barbeinte bein i graset
Rett rundt hjørnet ligg solstrålene
Så sint at eg begynte å danse
Inne er det ei trapp som går oppover
Svakare enn kokt spaghetti

På veg heim frå byen, var me innom Ingrid og plugga rabarbra. Huset etter onkelen min har ein stor hage med mellom anna masse rabarbra. I morgon skal eg prøva å laga rabarbrapai. Det er kjekt å bruka sjølvplukka ingrediensar.
I hagen er det og gamle store plommetre. Det blir spennande å sjå om det blir god avling i år. Ingrid serverte oss kaffi og heimebakte oreo-cupcakes, og så fekk me sjå på alle dei nye teikningane til biletboka hennar.

Av og til er det fantastisk avslappande å bare parkera framfor fjernsynet ein lørdagskveld. Akkurat det gjorde me nå i kveld, så me har vore både på DDE- konsert og hos Lindmo der me mellom anna møtte ein orkideinteressert Morten Harket
og ei veldig søt norsk jente som budde i ei hole like ved den vidaregåande skulen ho gjekk på og åt mat ho fann i containarar. Det var mellom anna ein protest på forbrukarsamfunnet at ho ville visa at det gjekk an å leva så å seia utan å eiga eller kjøpa noko som helst. Toralv Maurstad var der og. Det er vemodig å sjå koss dei som alltid har vore der blir gamle menn og damer etterkvart, men det er jo ei trøyst at mannen er mange og åtti og framleis står på scenen både her og der. Kvelden vart avrunda med ein britisk dokumentar om sigøynarbryllaup. Sigøynerkulturen fascinerer meg. Dei familiane det handla om var så lyse i hud og hår at det kunne sjå ut som om dei tilhøyrde andre reisande grupper enn romfolket. I dokumentaren vart det fortald at det er svært vanleg at jentene droppar ut av skulen når dei er elleve for å hjelpa til med husarbeid og yngre søsken. Det er vanleg at døtrene giftar seg når deg er 15-16-17 år gamle, og då ser dei for seg at dei frå nå av skal stella husvogna, laga mat, føda barn og oppdra dei. Det er forventa at mannen skal vera den som forsørgar familien.

image

Og slikt kan ein jo sperra auga opp over…

Apropos å hausta inn frå naturen. Odd Christian og eg kjøpte oss vekstkassar for urter for ei veke sidan, og nå kan me verkeleg eta karse på alle typar mat i veka som kjem.

image

Sidan det vart svært lite tid til husarbeid i dag, så blir det vel kanskje ein sjanse i morgon… Sjølv om eg altså reint prinsipielt prøver å unngå sundagsarbeid fordi eg trur det er sunt å ha ein kviledag innimellom. Det kan alltid diskuterast kva som er arbeid og ikkje. Eg må nok innrømma at for meg er husvask rett og slett arbeid, sjølv om mykje anna er reine leiken…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget