Skip to content

Det blir ikke kjekt før vi andre kommer likevel…

mai 2, 2014

Noko av det første augo mine fall på i dag, var eit dikt av Gunnar Roaldkvam som Kathy Ann hadde lagt ut på facebook. Eg såg med det same at det fekk bli dagens tekst på maibloggen min.

14023728314_171630cd80_b

GLEDE ER Å DELE
( av Gunnar Roaldkvam )

Målet vårt er å finne
ut hvordan vi kan skape
uten å vinne
over andre
for meningen med det hele
er å dele og skinne
og lyse opp
for hverandre.
Det er ingen vits å bli først
og komme fram alene.
Det blir ikke kjekt før
vi andre kommer likevel.
Den beste vennen min
løper ikke for å vinne,
nei den beste vennen min
venter på meg
slik at jeg ikke blir
sistemann, alene.

***

Eg les og det eine fine diktet etter det andre på profilen til Helge Torvund, og tenkjer at nå må ikkje diktbøkene mine få lov til å stå der og støva ned i hyllene. Eg må få fart på «Dagens lyrikar- spalta mi.» Det må då heilt sikkert vera fleire enn meg som blir berika av å lesa dikt.

Sjølv sit eg her nesten nedgravd i elevtekstar. Eg plukkar ut ein god del av dei for å bruka dei i årets bok frå Skapande skriving i kulturskulen. Det er eit kjekt, men utruleg tidkrevjande arbeid. Utanfor glaset mitt strålar maisola, og eg trøystar meg med at det sikkert er iskaldt ute, så ut treng eg ikkje tenkja på å lengta. Men etterkvart skal eg nok opna døra og undersøkja det nærare.

På torsdag fekk eg ein sms frå ei som lurte på om eg haldt skrivekurs for vaksne, for då ville ho melda seg på. Eg svarte som sant var at eg bare hadde skrivekurs for barn i regi av kulturskulen. Ho utfordra meg til å vurdera å starta slike kurs. Eg kjende at eg eigentleg kunne hatt lyst, men har eg kapasitet? Nei, strengt tatt har eg vel ikkje det i det heile tatt… Det andre som skremmer meg frå tanken på slikt er alt «kontorarbeidet» som følger med; reigistrering, økonomi osv. Eg har alltid mykje meir lyst til å vera kreativ enn til å fylla ut skjema…

image

Ingrid er i veg for å kjøpa tjukkare teikneark til dei femti teikningane ho skal teikna til boka si om firfisla Sverre.

Sverre i deress

Eg vurderer litt om eg skal prøva å illustrera mi eiga biletbok sjølv, men landar vel på at eg ikkje er flink nok til å teikna, dessverre…

Sunniva har og eit kjempespennande prosjekt på gang. Ho har gått vidare i ein stor manuskonkurranse, der ungdomar opp til 21 år konkurrerer om å laga det beste teatermanuset til ei teaterforestilling for og med ungdomar. Sist helg var ho invitert til Oslo saman med dei ti andre som har gått vidare. Dei overnatta på hotell, var på teater saman, skreiv og prata og fekk individuelle samtalar med regissørar og vaksne manusforfattarar. Nå har dei frist på seg til første juni med å flikka vidare på stykket sitt, og så blir det vald ut tre vinnarar. Eg må innrømma at eg synest dette er kjempespennande, og det får stå som eit slags malapropos til Roaldkvam sitt dikt…

Nei nå trur eg eg får strekkja meg litt og utført litt forefallande arbeid før eg må tilbake til PC-en. Kanksje eg kjem så lang som til å få plukka inn kleda som har hengt på tørkestativet ute i sånn omtrent tre dagar nå…
Ha ein fin dag i sola!

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: