Gå til innhald

Teddybjørn-Gud, konfirmasjon og mopsetreff

mai 4, 2014

14105727015_49a5870cf1_b

Noko av det første eg gjorde i dag, var å høyra på eit livssynsprogram på radioen medan eg laga eplepai. Det var menneske med litt ulike tankar om Gud, som prøvde å setja ord på kva dei trudde på. Minst to av dei definerte seg som agnostikarar, og ein av dei definerte seg som uortodoks kristen. Det var to slags Gudsforståingar den eine vart veldig provosert av. Det eine var som venta den gruppa som trur dei veit alt om Gud og som signaliserer til andre at dei må forandra seg for å vera bra nok. Ikkje overraskande så viste dei til denne gjengen av fordømmande truande som alltid ville dømma andre. EIn av dei meinte at kristentur kunne gjera noko positivt med eit mennske, gjera det meir kjærleg, støttande og lyttande, eller gjera noko negativt med eit menneske, gjera det sjølvgodt og dømmande. Eg må for eiga rekning leggja til at eg som trur eg er i relativt indre kretsar av relativt ortodokst truande, slett ikkje kjenner att denne gruppa med dømmesjuke menneske som det så ofte blir referert til. Men eg prøver å forhanda meg positivt til påstandane, å vera lyttande.

Den andre gruppa som provoserte han var dei «Teddybjørn-Gud- truande», som tilpassa Gud og gjorde han til ein vennleg og rund teddybjørn dei kunne beklaga seg til og søkja trøyst hos. Han meinte at det var å minimalisera ein eventuell allmektig skapargud til noko mykje mindre enn han er. Det synest eg er ei innvending verd å tenkja gjennom. Han meinte at den store guddomen han ante i naturen ikkje kunne fungera som teddybjørn. Intervjueren stilde det interessante spørsmålet til denne mannen om han nå ikkje gjorde det han sjølv anklaga andre for å gjera; nemleg å fortelja korleis Gud er og korleis andre skal tru. Det siste ville han ikkje gå med på. Det er alltid lettare å kritisera andre når ein ikkje inkluderer seg sjølv i gruppa. Det veit eg jo forsåvidt godt frå eigne erfaringar. Det er lettare å meina noko om kva «folk» gjer når ein ikkje reknar seg sjølv med i gruppa «folk».

Og lett å vera menneske har det vel i grunnen aldri vore. Eg kjem med desse tankane fordi eg set pris på slike radioprogram. Eg har alltid likt betre å snakka om dei store spørsmåla i livet enn å diskutera ulike typar golvbelegg, men etterkvart har eg faktisk blitt flinkare til det siste og.

image

Enklare enn å diskutera Gudstru kan det faktisk vera å praktisera Gudstru. Frå galleriet med den fantastiske utsikta til glasmaleriet i koret i kyrkja vår, fekk eg med meg ein kjempefin konfirmasjonsgudsteneste. Konfirmantar er ungdomar i ein fantastisk fin, sårbar, usikker og skråsikker fase av livet. I konfirmasjonstida er det snakk om å ta fram dei store spørsmåla og presentera dei for dei store mysteria i kyrkja. Eg sit ofte med litt ekstra varme og våte auge i konfirmasjonar. Ingfrid Time Nærland hadde ei fantastisk fin preik og det var rørande å høyra Iren Førland syngja den konfirmantsalmen eg opprinneleg skreiv til Ingrid sin konfirmasjon for ti år sidan.

Me hadde høyrd rykte om eit mopsetreff på Hellestøstranda, og reiste dit i håp om at dei ikkje hadde pakka med seg leikekjøttbein og godbitar og gått heim att… Tanken på eit dusin leikande mopsar i strandkanten, gjorde at me måtte gjera eit forsøk på å finna fram. Me nådde akkurat å møta dei siste fem mopsane. Tre av dei var klare til å gå då me kom, men Oscar og kompisen Max vart verande ein ekstra halvtime, kanskje til ære for oss…

13919170198_abcab008a4_b(1)

13919139729_c6ef1c8f8e_b

14125863413_c663b0c964_b

14105773295_8cb3d9588b_b

Så var det heim til grilling, og grillkol som først ikkje ville ta fyr. Rabarbrapaien vart dessverre langt i frå så god som Hilde sin, så eg må nok få oppskrift, men som det heiter på godt jærsk. «An va godt edane». Sidan jærbuar er kjende for å vera smålåtne, kan det siste uttrykket og bety at maten er heilt fantastisk. Me klarte i alle fall å samla alle ungar, svigerbarn og hundar, bortsett frå Sunniva som har vore på jobb. Nå høyrer eg henne på kjøkkenet. Eg har forresten lånt mi første e-bok på Stavanger bibliotek, ei sjølvbiografisk bok av Herbjørg Wassmo. Ho var mest ikkje til å leggja i frå seg. I tillegg har eg jobba med å laga undervisningsopplegg om jødedomen tilpassa første klasse, så det har blitt litt skjerm i dag og. Augo mine er litt allergiske og trøytte i dag, så eg har måtta ty til sesongens første allergitablett. Slikt blir ein litt søvnig av, sjølv om det ikkje kan samanliknast med gode gamle polaramin, som vart brukt på sytti- og åtti-talet. Eg hugsar at dei gjorde det å vakna om morgonen til ein rein viljekamp. Heldigvis har eg nesten slutta å vera allergisk. Dei som verkeleg slit med det, får med dette min djupaste sympati.

14039890354_2cb0ebb438_b

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: