Det vart fint
I dag rakk me å få oss skikkeleg frokost innimellom stryking, leiting etter balkongflagg, syttande mai-sløyfer og finsko, det er ikkje kvart år det skjer. Sola skein til og med.
Eg og Leif og Sunniva gjekk ned for å sjå på toget. Det var mange kjende og god temperatur. Dessverre bomma me litt på plasseringa. Dei har lagt om på den tradisjonelle togruta, og plutseleg kom 17.mai-toget på den andre sida av vegen i forhold til der me trudde, og me måtte ut på ein midtrabatt, der me plutseleg ikkje hadde så god utsikt lenger. Så veit me det til neste år…
Me hadde fått streng beskjed av Ingrid om ikkje å ta med Oscar til sentrum i dag på grunn av alle menneska og alle lydane, men me observerte at han hadde artsfrender som klarte seg godt…
Nede på torget møtte me endå fleire kjende, mellom anna Thea. Sjølv om eg ikkje har hatt barn sjølv i toget på nokre år, så har eg jo ein del elevar der. Eg blir merkeleg sentimental av blandinga festpynta ungar, korpsmusikk, vaiande norske flagg, lysegrøne bjørker og nyutsprungne syrinar. Eg har ein teori om at 17.mai for nordmenn er minst like mykje ein rituell vårfest som reell feiring av grunnlov og demokrati. Det som gjer at 17.mai står så grunnleggjande fast i den norske folkesjela er nok ikkje minst den årstida det er knytta opp til. Det er overveldande kvart år at det verkeleg blir grønt og lyst og varmt igjen.
Ein song fekk eg ikkje sunge i dag, men eg høyrde nå i det minste deler av han på radio og fjernsyn. Dette er for meg den nasjonalsongen som rører meg mest:
Gud signe vårt dyre fedreland
Tekst: Elias Blix (1836-1902)
Melodi: Christoph Ernst Friedrich Weyse (1774-1842)
|
For meg er tonen i denne fedrelandssalmen meir roleg, lågmælt, fredsæl og sympatisk enn den sterke patosen i «Ja, vi elsker…» Eg kjenner att ei nøysom livshaldning og eit folk med ei fortrøystningsfull Gudstru som er meir opptekne av å så kornet sitt og leva fredeleg saman enn å kriga for sin rett og synga om sin storheit. Når det er sagt så er det ikkje noko problem å bli tårøygd under «Ja vi elsker» heller, spesielt ikkje dersom han blir framførd av mannskor med kvite songarhuver eller av skulekorps med trommehvirvlar og trompetar. Kanskje er ein av problema med nasjonalsongen at eg aldri når opp til dei rette tonane når me kjem til «og den saganatt som senker» siste gongen…
Etter å ha ete saman med Odd Christian tok eg og Leif ein køyretur for å få litt føling med 17.-mai litt utanfor Bryne- byen og. Det var mykje fint å sjå, 0g flagga vaia over alt.
Så måtte me få med oss folketoget og med korps og ordførar og alt kva det måtte vera av organisasjonar og lag. Det er i grunnen ein merkeleg skikk det heile, men det høyrer med. Og så er noko av det koselegaste av alt å småprata med alle dei kjekke folka som er ute i det offentlege 17.mai- romet nede i sentrum. Talen droppa me i år, for føtene mine hadde fått nok av vonde sko. Så då me reiste heim for å gå ein tur med Oscar var det på med noko meir bekvemt. Eg kan ikkje fatta og begripa at nokon kan traska rundt ein heil dag på elegante sko, gjerne sånne spisse elegante med høge hælar…
Reint skomessig klarer eg bare å vera bortimot elegant i uhyre begrensa periodar. Eg fekk kanskje alt for lite trening i høghælte sko i ungdomen? Då var det forformsko, tresko og ecco- sandalar som gjaldt…

Me gjekk opp på Eivindsholen for å få litt utsikt over det nasjonale landskapet. Og visst var det fint. Vel heime fekk eg med meg festforestillinga frå Eidsvoll. Eg lot meg imponera over programmet dei hadde sett saman. Og så likte eg det Ole Paus var modig nok til å setja ord på når han fekk sjanse til å seia nokre setningar…
Odd Christian kom heimom att etter at han hadde brukt ettermiddagen saman med venner. Me bestemte oss for å kombinera ein kveldstur og litt øvekjøring. Eg har viss nemnd det før, men landskapet vårt er så heilt usannsynleg vakkert på denne tida av året. Spesielt ute ved havet. Kveldslyset var så fint, så eg prøvde å fotografera litt, men på fotografia vart det mørkare, den fine lette skumringa let seg ikkje heilt fanga.
Eg tenkte i grunnen på førehand at denne gongen så fekk 17. mai passera sånn litt parentesmessig. Me hadde få planar, og mykje anna som me fordel kunne gjerast. Slik vart det ikkje. Dagen har vore full av å rett og slett feira 17.mai med hundar og vaksne barn, og det kjennest fint. Nå har eg vore og plukka rabarbra som skal brukast til å feria Sunniva litt på førehand i morgon ved kaffitider. Me håpar gjestene våre er svoltne for kjøleskapet er fullt av mat me i grunnen aldri kom til i løpet av dagen.
Heidi
LIknande innhald
From → barn, Barna mine, Jæren, Kjærasten min, Livet og alt ein burde ;-), mai, Natur, Tid, Tidleg i ungdomen, Tru, våren






