Skip to content

Teknisk sett den 17. allereie

mai 16, 2014

14159779814_61b1da1003_b

Skrivedag 16.mai er ikkje bare-bare. Eg var dregen mellom alt ein helst burde og skulle. Skal ein skriva fritt og kreativt, som vel er det dagen er via til i hovudet mitt, skriva individuelle opplæringsplanar, ferdigstilla boka til skrivekurs elevane, rydda, vaska og støvsuga til 17.mai, handla inn 17.mai mat og til Sunniva sitt gebursdagsselskap på sundag, gjera eit forsøk på å få lukt bedet framfor huset eller planta sommarblomar i nokre av pottene på verandaen og leita etter Sunniva sitt bunadsølv? Tidsoptimist som eg er tenkte eg å rekka alt, men det vart ein lettversjon med litt av kvart, og plutseleg var klokka meir enn eg hadde tenkt og eg hadde fortsatt ikkje handla. Etter innfallsmetoden heiv eg alt ein kanskje kan trenga på 27.mai og dei påfylgjande dagane opp i tralla. Rømmegraut frå Fjordland, røykelaks, spekeskinke, ost jordbær, halvsteikte rundstykke, mørk sjokolade, brus med og utan sukker, raud saft, fløyte, rømme, tomatar, agurk, wienerpølser, leverpostei….

Eg er i grunnen ikkje i tvil om at me skal halda liv i dei som måtte stikka innom i heimen. Det vart stor haug på handlevogna, og til slutt kosta det meg den nette sum av 1800 kroner. I tillegg til alt anna er eg ein elenddig innkjøpsplanleggjar… Med hjelp frå Sunniva med lemping og heimkjøring av varer, rakk eg til og med ein snartur til Sandnes, før eg tilbrakte kvelden med litteraturgruppevenninnene mine og åt deilige reker hos Anne Mette. Nå gjeld det å finna senga slik at eg rekk å stryka bunadskjorte før barnetoget i morgon. Det er litt vemodig å ikkje ha «barn», ja små barn altså, på 17.mai, men i ei dokkeseng i stova ligg det ein liten firbeint gjest og søv på eit saueskinn. Han skal vera på ferie hos oss i ei veke.

Hugsa eg å fortelja at nå står alperosene på sitt aller finaste?

Ha ein fin 17.mai, alle saman.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: