Gå til innhald

Fritt for lov

mai 18, 2014

image

I dag las eg på nettet om ulike uttrykk ungar har brukt for å signalisera at dei går ut av leiken litt. Dersom ein var indianar og nesten vart fanga av ein cowboy, og bare måtte knyta skosnora si for ikkje å snubla… Kva kunne ein seia då? Eg hugsar at me sa «Fritt for lov!», men det viste seg å vera eit veldig lokalt uttrykk. Eg veit ikkje om ungar seier det lenger, sjølv om eg dagleg omgåst ungar i leik, så er det lenge sidan eg har høyrt det.

image

Det slo meg at det er eit vidunderleg uttrykk. Tenk om me kunne seia «Fritt for lov,» i det vanlege livet og? Stoppa opp, ta eit steg til sides og ta seg god tid til å knytta skosnora før ein hoppa tilbake att i det me måtte vera midt oppe i…

Kanskje me kan det i større grad enn me trur? Kanskje me gjer det heile tida? I alle fall eg? Hoppar ut av det ein treng ein pause frå og gjer noko heilt anna og kanskje meir unyttig? Kanskje å skriva litt på «Spor i sand», sjølv om ein eigentleg heller burde…

Eg sit her og jobbar med boka til Skapande skriving. Klokka går fortare enn eg vil at ho skal gjera. Ho har den merkelege vanen å gjera akkurat det.

I dag har me hatt huset fullt med slike menneske me liker å vera i lag med. Me har ete og snakka og feira at Sunniva fyller år i morgon. Og snart er det ny veke.

image

Fritt for lov 😉

 

Heidi

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: