Alle har en venn i seg
Sommarferien nærmar seg med stormskritt, og tida går så fort at det ikkje er til å forstå. Eg merkar bare på «puls og melkesyre» at me er på oppløpssida… I går hadde me «bokstavfest» for foreldre og familiar til førsteklassingane. Elevane våre var eit flott og rørande syn der dei song, dansa, sa fram regler og las bokstavvers i mikrofon. Nokre var sterkt prega av høgtid og alvor, andre glitrande glade over både scenelyset og mikrofonen. Det er rørande med ein gjeng seks- og sjuåringar, med eller utan framtenner, som syng av full hals:
Vi kan være venner,
vi kan være sammen du og jeg,
alle er forskjellig alle har en venn i seg
Og når dei syng skulesongen vår:
Ja, her ska me væra samen, her ska me veksa opp,
her ska me læra møje om å leva,
ja når me æ litt leie oss, og når dæ æ heilt topp,
når live smile og når me må streva.
Ja her på Bryne skule, her liga me oss godt,
her trives me, her æ det godt å væra,
her ska me synga. lega, dansa og teina møje flott,
her ska me leva, ska me veksa og læra-
Det eg eigentleg hadde tenkt å skriva her i dag, var litt frå siste kapittelet i Charles Ringma si bok, «Den indre rytmen», som har fulgt meg nesten dagleg frå i haust ein gong:
Med mindre vi har trukket oss fullstendig ut av denne verden, vil vårt liv være et vindu for andre. Folk kan se hva vi er opptatt av. Og det kommer vel knapt som noen overraskelse at andre som regel ser temmelig godt hvilke verdier vi tror på. Så selv om vi aldri skulle gjøre noe for et anneet menneske, gjør vi noe med andre mennesker selv om vi ikke vet det…
Den ene trofasthet er den andres håp-
Det får stå som ord for denne dagen.
Heidi