Gå til innhald

Fredag den 13.

juni 13, 2014

image

For ein fin dag det har vore. Fredag den 13. kan tydelegvis vera det heilt motsette av ein ulykkesdag. I går kveld hadde eg vondt i halsen og hovudet og kjende meg litt sliten, så eg frykta litt for det intense programmet denne dagen skulle innehalda. Heldigvis, med ei god natt, eit brett curamed og ein halv liter appelsinjus, så følte eg meg mykje betre i dag.

Kulturskulen skulle ha sommaravslutning på Søya gard. Saman med dramalærar Maren hadde eg funne ut at me rakk akkurat å vera med bittelitt på turen, så me kjørde saman frå Ålgård. Før eg kom så langt, snakka eg med ei glad Ingrid i telefonen som hadde fått den karakteren ho håpa på på oppgåven og billetboka si. Vel oppe på Søyland var det 15-20 minuttars gåtur opp til selskapslokalet som var bygd opp litt som ei vikingstove med gruve i midten og benker langs veggene med saueskinn. Maren og eg kom først opp og måtte få tjuvstarta på maten som var ei viking-gryte med sauekjøt og slike grønsakar og urter som ein veit dei hadde i Norge på den tida. Til maten fekk me rabarbrasaft og flatbrød med smør krydra med ramsløk.

imageimageimageSå bar det i full fart til Bryne att, der Jan Ivar sin førtiårsfest skulle begynna allereie klokka halv fem. Eg rekk akkurat heimom for å skifta litt klede. Veret som var litt grått frå føremiddagen av, var plutseleg blitt heilt nydeleg. Det var dekka langbord i hagen og på verandaen heime hos foreldra til Jan Ivar, og gjestene hadde bidratt til eit fantastisk måltid med mange rettar. Det var nesten litt Søren Krøyer stil over det heile. Klokka halv sju fekk eg melding frå Sunniva om at ho hadde fått delt førsteplass i manuskonkurransen til Den Unge Scene. Borghild var på utdelinga saman med henne, så eg har til og med fått bilete. Dette var verkeleg meir enn eg hadde våga å håpa på. og veldig kjekt for hennar del.

Førtiårsfesten haldt fram på høghuset, og veldig beleieleg så hadde Unge Spor sin sommarkonsert på taket akkurat denne kvelden, så den fekk eg og med meg. Det er nesten magisk å stå på taket og høyra fin levande musikk medan ein har stort vidsyn over Jæren og solnedgangen på Jæren. Kjekt var det og å kjenna nokre av musikarane og songarane både frå kulturskule, skule og Sunniva sin omgangskrins. Marthe, Marie, Birk, Sondre og dokke andre: Eg er mektig imponert. Etterpå vart det dans og andre former for sosialt samver. Mobilen min var plutseleg tom for batteri, så eg fekk ikkje teke bilete av konserten, men inne fann eg ein kontakt eg kunne stikka ladaren inn i, slik at eg fekk fotografert siste rest av solnedgangen.

image
Ein liten time inn i det nye døgnet sneik eg meg ut av festlokalet, då kjende eg at eg var klar for å gå heim. Natta var fløyelsmjuk og mild og fullmånen stor og blank. Gras og blomar luktar slik gras og blomar gjer når det er sommarnatt.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: