Gå til innhald

Eg sit her og ventar på jobb

juni 10, 2014

på at Sunniva skal henta meg, for eg har så mykje med meg, langpanne med resten av ei sjokoladekake, flasker med saft, bøker og teikningar
og ein liten bukett stemorsblomar, som eg stal i ei krukke i skulegarden for å pynta med på bordet då eg hadde «Boksleppfest», for elevane på skrivekurset og foreldra og besteforeldra deira. Ikkje sei det til nokon. Eg hadde tenkt å senda elevane ut for å henta markblomar, men veret inviterte ikkje til det akkurat då…

imageDet vart ei fin avslutning. Det er ikkje til å tru at første del av ferien har begynt allereie.

imageOg Ingrid har teikna til meg heile dagen og halve natta, så nå kan eg få lese biletboka mi i første klasse. Eg gler meg veldig.

imageEg gler meg faktisk som ein liten unge når eg får hjelp til kreative ting der prosessen stoppar opp for meg. I kveld skal nokon senda meg ein demo av ein melodi dei har laga til teksten min, det gler eg meg og til.

imageEg får nesten lyst til å sjonglera med appelsiner slik som Dunkert gjorde i gebursdagsselskapet til vesle Mina. Ho hadde fått mamma til å kjøpa inn ekstra mykje bringebærbrus til selskapet, for ho hadde høyrt dei vaksne seia at Dunkert var litt for tørst. Likevel fekk ho lov til å  invitera han i selskapet sitt saman med Dunkert og Florian Blom, som ho heller nesten ikkje kjende. Ho måtte jo ha vaksenselskap, og mormor og morfar på Vigrestad er alltid i Syden på denne tida av året.

imageOg i dag ei rose til Sunniva som har fått vita at ho nå er ein av tre som har gått vidare til finalen i manuskonkurransen Den unge scenen. Ho skal til Oslo i helga, der får ho vita meir. I dag er eg viss ei sånn tåpeleg skrytemor, men av og til må det vera lov…

imageBill. merk: Trøytt og glad femtitreåring etter tolv timar på jobb…

 

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: