Gå til innhald

Livet høyrer Herren til

juni 15, 2014

image

Akkurat nå ser diktet mitt slik ut:

Eg brettar hjartet mitt ut som ei skål
der legg eg orda om kven du er,
saman med villroser og rabarbra,
sitronar, eple og jordbær.

For du min Gud
er tyngda mi og vengene mine.
Du er bølgjene som ber meg
og kjærleiken
som gir meg namn og forandrar meg.

Eg bind orda om deg
inn i blomekransar og perlekjeder,
eg festar dei rundt handledda mine
med strikk og hengelåsar
tett mot puls og hjarteslag
for ikkje skal eg gløyma å hugsa
kven eg høyrer til.

Eg skriv orda om deg med nakne fingertuppar,
på ryggen og hjartet til mine nyfødde barn,
Med modig og skjelvande skrift
skriv eg på panna deira,
bøner om alt som sidan skal skje.

Eg skriv med penn og sprittusj
på lommebøker og skapdører,
på gule klistrelappar,
og midt på brilleglasa mine,
slik at eg ikkje går meg vill,
skriv orda på småstein i skorne mine
så eg aldri gløymer.

Kanskje ein og annan gongen
kan ein vandringsmann langs vegen
sjå at namnet ditt står malt
på husveggen og garasjedøra?

Kanskje les dei det i handflatene mine
når eg hugsar å opne hendene,
og kanskje lyser det mot dei
på panna mi, halvvegs gøymd under luggen?

Namnet ditt skal susa i bjørkelauvet,
i dei kvite kirsebærblomane
og i dei små kvite stjernene av frost
som legg seg i graset om vinteren.

Det skal skrivast med vind i stormen,
og med vatn i regnet.
Det skal lysa stilt i mot meg frå den siste porten.

Eg skal vita siste gong eg trekk pusten
at livet høyrer Herren til.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget