Gå til innhald

Nokon som har lyst til å hjelpa meg?

juni 14, 2014

image

 

For tre veker sidan vart eg oppringd på toget og fekk eit spennande oppdrag. Saman med 86 andre lyrikarar skal eg skriva eit dikt knytta til eit bibelvers eg har fått utdelt. Eg har hatt det frykteleg travelt i desse vekene, men eg har tenkt ein del på oppdraget, og skrive litt når eg har hatt tid. I løpet av norgondagen skal eg bli ferdig med diktet og levera det. Det kjem eg til å klara. Det eg alltid er glad for er at nokon ser på det eg har gjort med andre auge enn mine eigne. Her ein del av tankane og notatane mine. Er det spesielle formuleringar som bør vera med i den endelege versjonen. Først av alt, her er bibelverset eg fekk utdelt:

5. Mos 6, 4-9.

4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt. 6 Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. 7 Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8 Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke. 9 Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

(Vers 4 er den jødiske trusvedkjenninga viss eg ikkje tek heilt feil.) Eg liker versa. Dei utfordrar meg på ein god måte.

Her er mine tankar. Langt frå alt dette skal vera med, og eg kjem heilt sikkert til å ha med noko som ikkje står her og…

*

1

Eg brettar hjartet mitt ut
som ei skål
der eg legg orda om kven du er,
legg dei saman med roser og villblomar,
rabarbra, epler sitronar og jordbær.
Eg skriv det på brødboksen min
at eg ikkje skal gløyma kven du er.
*

2
Du, min Gud
som er tyngda mi og vengene mine
som er bølgjene som ber meg
og kjærleiken som gir meg namn og forandrar meg.

***
3
Eg bind orda om deg
inn i blomekransar og perlekjeder,
eg festar dei rundt handledda mine
med strikk og hengelåsar
for ikkje skal eg gløyma å hugsa
kven eg høyrer til.
Eg skriv orda om deg
med nakne fingertuppar,
på rygg og hjarte til mine nyfødde barn,
eg malar dei på dørkarmane mine,
og bind dei så fast eg torer
kring hendene på barna som veks
slik at dei alltid ligg inntil puls og hjarteslag.

***

4

Eg skriv med penn og sprittusj
på lommebøker og hjartedører,
på gule klistrelappar
og midt på brilleglasa mine
slik at eg ikkje gløymer og går meg vill.

***

5
I beste fall er det namnet ditt dei les
I handflatene mine
når eg hugsar å halda hendene opne,
og på panna mi,
lett gøymt under panneluggen.
Kanskje dei les i fotnoter i sanden
at eg ikkje går aleine,
at eg ikkje fyk planlaust med vinden.
Og ser på avtrykket under skorne mine
at du har gått føre  meg.
Og at dei ein og annan gongen
ser namnet ditt malt med usynleg skrift
på husveggen og garasjedøra.

***
6
Og eg skal passa på hjartet mitt
når eg ver det i hendene.
Det store glashjartet
med merke utanoå og inni.

***

7

Om nettene når eg drøymer
skal eg skriva namnet ditt
med hemmeleg skrift
på panna til mine sovande barn,
og sjølv i draumen
skal eg me om at dei alltid
må vera beskytta av guddomeleg kjærleik.

***

8

Namnet ditt skal susa i bjørkelauvet
i dei kvite kirsebærblomane
og i dei små kvite stjernene av frost
som legg seg i graset om vinteren.

***

9

Eg skal skriva orda
i fuglesongen om morgonen,
og på små steinar i skorne mine,
slik at eg aldri skal gløyma.

***

10

Merket ditt skal lysa mot meg
frå bankkortet mitt
og frå spegelen på badet.
Dei skal ropa til meg
at eg og huset mitt høyrer Herren til.

 

Nå har eg sett på nummer slik at dei som vil kan skriva meldingar av typen: del 1 bør vera med, del fire må for alt i verda vekk osv…

Eg skulle gjerne ha skrive meir, men nå bør eg snart vera klar til ny personalfest…

(Takk for hjelpa, dersom nokon orkar. Sjå vekk frå eventuelle skrivefeil, for dette har gått fort, og eg har ikkje tid til å lesa gjennom…)

Heidi

 

 

 

From → Skriving, Tru

4 kommentarar
  1. Calle permalink

    Fint skrive og tolka av deg. Men elles rys eg i sjela av denne gammaltestamentale moseteksten. Det er ein autoritær slavekontrakt. Er det rart fundamentalismen rår i verda?

  2. Takk for det, Calle. Og for å seia det slik så er det ikkje moselova som gjer at eg kallar meg kristen. Det er mange ting i det gamle testamentet som får det til å gå kaldt nedover ryggen min og. Eg opplevde likevel akkurat denne teksten som ei positiv utfordring. Han handlar om ein skaparrelasjon og om å vera tru mot det ein definerer som viktig og grunnleggjande.

  3. Bergljot Brekken permalink

    Du skriv godt! Eg likte alt, men spesielt godt nr 3 og 5. Lukke til!

  4. Tusen takk for nyttig innspel, Bergljot. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: