Skip to content

Sommardag

juni 17, 2014



image

 

Ein diktar skal ha sagt at det ordet han liker best å bruka i salmar er ordet «sommardag». Få ord har vel så positiv klang i dei fleste sine øyre som dette ordet. Eg synest og at fylgjande verselinje seier mykje om den årstida me er inne i akkurat nå: «mens Gud ennå trodde på menneskene skapte han juninettene.

image

Og dette lyset. Det er ikkje til å sova i. Ikkje fordi eg ikkje får sova, for det får eg, men fordi desse nettene gir meg endå mindre lyst til å legga meg fordi det er så lyst og fint ute. Diktaren har etter mi meining heilt rett i at ingen skulle sova bort sumarnatta. Det er bare det at morgonane aldri har tatt hensyn til denslags føleri, dei kjem som vanleg alt for tidleg, og arbeidsdagene til ryddande lærarar siste veker med elevar er ikkje for pingler. Men snart skal her bli seine netter og lange dagar. Orsaka let eg få liggja mellom linjene i tider som dette…

I kveld har eg vore på Sola med venninner og ete reker og jordbær i hagen til Gerd. Der sat me i glashus og nytte livet utan å fryse. Herleg.

image

Heidi

From → sommar, Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: