Gå til innhald

Sommarferie

juni 20, 2014

image

Sjølv om her er meir enn nok å gjera, så har eg bevilga meg ein skikkeleg bare-nyta-ferien-dag i dag. Eg vakna nesten til vanleg tid, og kjende på luksusen i å starta dagen med ei bok. Seinare vart det kaffi og. Eg og Sunniva hadde planlagd ein Stavangertur. Først var me innom ikea og kjøpte plastglas, serviettar og eit miniatyrdrivhus. Så reiste me inn til byen. Sola strålte frå nesten klar himmel, men nordvesten veit å bita frå seg, så det var ganske kaldt ute, sånn omtrent fjorten grader. Men Stavanger er nå ein fin sommarby uansett.

Me åt sandwich og drakk jus på Joe & the juice. Me er nemleg trendy og internasjonale når det passar seg slik…

image

 

Og som i jakten på drømmesommaren, som det vel ligg i oss å aldri sleppa taket i, kjøpte me glaslykter på indiska og Søstrene Grene, som me skal tenna på terrassen om kveldane dersom det blir varmt nok til å sitja ute igjen… Ein tynn bomullskjole tok eg og med frå indiska.

image

På grunn av rushtrafikken brukte me halvannan time på å kjøra frå Stavanger til Ålgård for å by mor og far på ambrosiabrød og ferske wienerbrød frå eit Stavangerbakeri, og be dei setja over kaffien. Far hadde vore ute og kjøpt norske jordbær til oss.

image

image

I hagen deira var det full sommar. Då me kom heim var det fine blomar på bordet som Halvard hadde fått på jobb.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget