Skip to content

Festreisene

juni 19, 2014

image

I kveld skal gladmopsen på blomsterhandel vera overskrifta mi. Nå er tida komen for å ta det med ro, pusta roleg og la livet skje i langsomt tempo. Eg er fullt klar over at lærarsommar med ferie og avspasering og alt som høyrer til, kan diskuterast opp og ned og i mente. Opplevd frå innsida kan eg bare seia at når det går mot Jonsok og dagane opnar seg, så har eg henta ut alt eg har av krefter og er stuptrøytt både i hovudet og resten av kroppen. Før ein kjem så langt, har ein tumla seg gjennom festreisene, som eg kallar det for meg sjølv, med skuleturar, elevavslutningar, personalavslutningar, rapportskriving, avslutning av alle undervisningsprosjekt og rydding av undervisningsrom, gangar og arbeidspult med hyller og permar. I tillegg har ein ofte hatt mykje sosialt samver med alle ein gjerne vil treffa før alle skal ut og reisa. Nå er eg ved enden av alt dette. Det kjennest deilig å gå inn i veker mest utan avtalar i avtaleboka, og utan klokke på armen. Dei fantastiske elevane gler eg meg til å treffa att i august, då skal eg vera klar for det meste igjen… Den utan tvil største fryden ved å få skuleferie, er å kopla ut alarminnstillinga på 06.20 på mobilen !

I ettermiddag inviterte Ingrid på kake for å feira at ho har bestått dei siste eksamenane og framleggingane med glans, og nå er ferdig utdanna og klar for klasserommet ho og. Sunniva måtte blåsa ut eit lys på kaka for å markera førsteplassen i manuskonkurransen. Koseleg.

 

image

Så fint var kveldslyset utanfor huset vårt klokka halv elleve i kveld.

 

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: