Gå til innhald

… eller himlajorden om du vil…

juni 21, 2014

image

Eg eg tek meg sjølv i å gle meg når eg ser at det er både humler og bier i blomane mine.

Eimage

Det er ikkje kjekt å høyra at det har minka veldig på desse livsnødvendige pollenspreiarane. Det var heller ikkje kjekt å høyra på radio at måkebestanden i Rogaland var halvert. Her me bur virkar det som om det er måkar nok. Det var heller ikkje kjekt å lesa i Asker og Bærum budstikke nå i mai at forskarar meiner me har nådd «the point of no return.»  Klimakrisa lar seg ikkje lenger stansa, me må leva med ho.

Eg snakka med ein gjeng fornuftige damer om akkurat dette i denne veka. Ein kjenner på avmakta. Kva meir kan me gjera enn å ta sykkel i staden for bil, tog i staden for fly og sortera søppelet vårt? Me klarer jo ikkje det ein gong, og om me klarer det, kor mykje monnar det? Ei venninne av meg sa: » Dersom me lærer barna å bli glade i skaperverket, så vil dei få lyst til å verna om det og ta vare på det.» Det høyrest ut som ein god ide… For ein fantastisk natur me har omkring oss, spesielt nå på det aller lyskastere.

image

Kveldane er så fine og kveldslyset er så utruleg vakkert.

imageOg overnattingsgjesten vår får og representera alt det fine som er skapt… La oss hjelpa kvarandre å ta vare på skaperverket og kvarandre, og la oss be om visdom til å finna rett veg i utfordringane med miljøet på jorda.

 

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: