Medan alt glødar
I dei lysaste nettene
medan alt glødar
medan båla brenn ned
og skip fulle av håp
siglar tause forbi
ein stad i horisonten,
skal du plukka blomar
for alle gode ting
ute i den kalde vinden,
skal du venda blikket
mot sola,
den store raude eldkula
som søkjer tilflukt i havet,
skal du be til Gud
om mot og varme
be for mor vår,
den mørke jorda
som framleis ber blomar
i opne, frysande hender.
I går kveld øvekjørde eg og Odd Christian sørover langs kysten. Det vart ei fin jonsokfeiring. Lufta var heilt klar og fargane gløda. Langs strendene og på høgder litt inn i landet brann dei bål, og nokre stadar hylla bålrøyken oss inn i eit trolsk slør. Måkane flaug lågt og ei vipe sat midt i vegen. Eit svanepar gjekk inn for landing på eit jorde ved vegen og strekte lange halsar frå dei tunge kroppane og det breie vengespennet. Me måtte stoppa med jamne mellomrom for å fotografera litt. Då eg parkerte bilen ved midnatt kjende eg at eg trekte tilbake det eg skreiv tidlegare på dagen om å sakna feiringane i barndomen. Dette vart nesten den finaste.
Heidi



