Skip to content

Midtsommar

juni 25, 2014

image

Dagens utan tvil vakraste bukett, fekk eg av Dagny då ho og Jan Ivar kom på besøk for å eta lunsj på terrassen min. Eg kjenner ikkje mange som er så flinke med blomar og bukettar som henne.

image

Dette er andre dagen på rad eg et sommarlunsj med fine kolleger og god sommarmat. Eg let meg overvelda av sommaren. I dag kjende eg plutseleg at nå hadde eg funne kvilepulsen att. Det er ikkje verst. Eg trur dei fleste lærarane eg kjenner hentar ut siste rest av krefter før ferien, og så tek det ofte ei veke før skuldrene er på plass og ein ikkje kjenner seg veldig trøytt lenger. Framleis er det ikkje veldig varmt her, men finn ein den rette plassen der nordavinden ikkje slepp til, så er solvarmen balsam for sjela.

imageimage

Og katten vår, som er ein hund etter det gode liv, veit å innretta seg ho og.

I går då eg spontant hadde skrive inn eit slags jonsokdikt her på bloggen, fekk eg ideen at eg hadde lyst til å prøva å bearbeida teksten til å bli ein visetekst. Nå har eg ligge langflat i sola og skrive med penn på papir. Av og til er det slik det må gjerast. Eg er vel ikkje heilt fornøgd enno, men kanskje eg begynner å nærma meg noko? Eg er viss i ferd med å utvikla meg til ein heiljærsk naturromantikar. Om det er bra eller ikkje orkar eg ikkje å reflektera over akkurat nå. Eg vil gjerne ha inn eit miljøvernperspektiv, men er ikkje sikker på om eg har lukkast med å få det fram:

 

I glødande midtsommarkveldar

når båla brenn sakte ned,

og sola heng tung over havet,

når lufta er metta med fred,

skal du plukka deg ville blomar

og binda dei fint i krans,

og takka for lyset og sola

for kveldar med sommarglans.

 

Du ser det går skip der ute

lasta med von og tru,

du veit det er sommar på Jæren,

du er her, her skal du bu,

og sola heng lågt, der ute,

ei kule av gull og eld,

du takkar for lyset og livet,

for angar av gras og kveld.

 

I hutrande midtsommarkveldar,

med bål som brenn inn i natt,

Når sola sig stille i havet

så bare gløden er att,

skal du kviskra ei bøn mot natta,

for vår dansande, mørke jord,

som framleis kan bera blomar,

vår trufaste, frysande mor.

 

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: