Gå til innhald

Om å ta ned øksa

juni 23, 2014

imageNokre eventyr blir faktisk finare dess eldre ein blir. Eventyret om dei tre dumrianane har seilt opp til å bli ein av mine favorittar. Ei ung jente som framleis budde i lag med foreldra sine fekk ein gong besøk av kjærasten sin og gjekk ned i kjellaren for å henta øl til kveldsmaten. Då fekk ho sjå ei øks som var festa oppe på veggen. Ho kom til å tenkja på at ho kunne koma til å bli gift med kjærasten sin og få ein son. Sonen kunne koma til å bli send ned i kjellaren etter øl, og då kunne han få øksa i hovudet og bli drepen. Heilt handlingslamma sette ho seg ned og brast ut i heftig gråt. Då først mora og sidan faren gjekk ned i kjellaren for å sjå etter henne, fekk dei begge høyra historia hennar om øksa og sette seg ned for å gråte saman med henne. Då kjærasten kom ned og såg korleis det var fatt, og i tillegg fekk vita korfor dei gret, gjekk han oppgitt bort og tok øksa ned frå veggen.

Mannen erklærte at dei måtte vera dei største idiotane i verda, og at han ikkje ville fri til jenta med mindre han fann tre personar i landet som var endå dummare enn henne. Heldigvis gjekk det bra til slutt. Dumrianar fann han i søkk og kav, mellom anna ein mann som brukte halve dagen på å hoppa i buksa som han først hadde hengt opp. Ingen hadde fortald han at det fantest meir effektive måtar å ta på seg ei bukse på…

Eg må med skam melda at eg kjenner meg att både i dei som grin over øksa og den velmeinande, nokså upraktiske fyren som prøver å hoppa opp i buksa si. Ofte blir ein litt tafatt gåande og tenkja at det burde eg fått gjort, men så kjennest det heilt uoverstigeleg å setja i gang. Eg veit at fleire enn meg kan skyve framfor seg ryddinga av eit skap ellermeit kjellarrom i månadar og år, og til slutt er ein nesten overbevist om at det nesten ikkje let seg gjera å få gjort det.

Så nå prøver eg å ta ned øksa, i overført betydning, men dersom eg hadde hatt ei øks på veggen, så ser eg ikkje bort i frå at ho hadde fått henga ei stund, eller at eg vakna klokka tre om natta og var redd for at nokon skulle få ho i hovudet…

Akkurat nå har eg vore bittelitt flink, for eg har fått rydda terrasse og hage for ein del rusk og rask. Om nokon skulle finna på å bli motlause av å høyra om min uendelege flinkheit, så kan eg trøysta med at her framleis er litt av kvart å rydda vekk og ta tak i…

image

I føremiddag var eg og Ingrid og Odd Christian ein runde på diverse hagesenter og planteutsal. Der handla me litt forskjellig som me syntest at me trong. Det liknar oss eigentleg ikkje, så det er nesten litt komisk det heile. Er me kollektivt i ferd med å forvandla oss til skikkelege hagefolk?

I kveld er det jonsokkvelden, og eg lengtar litt til jonsokfeiringa i barndomen. Det første minnet om jonsok er at morfar laga bål på «eplestykket» som i moderne språk ville blitt kalla potetåkaren. Han fortalde bror min og meg at han hadde brus på lur til oss. Me måtte leita ute etter kvar vår vesle flaske med gul eller raud eventyrbrus som me drakk med spikerhol i kroken og stor grad av nytelse. Seinare var det store st.Hans -bål på Tydebærhammaren som me ungane brukte vekeavis på å byggja. På sjølve kvelden var det leikar, svartsvidde pølser steikte på pinne direkte på bålet og allsong med trekkspel og gitarmusikk. Då ungane var små, feira me st. Hans med naboane, men etter som barna vart store, døydde det hen. Eg las nettopp i avisa at ikkje så mange nordmenn feirar jonsok på tradisjonelt vis lenger, så me er vel ein del av trenden. Kanskje ein av grunnane til det er at dagen etter er vanleg arbeidsdag. Det skal og nemnast at eg hugsar mange jonsok-kveldar som direkte iskalde der me fraus til me hakka tenner under ullgensarar og regnklede. Av ein eller annan grunn er det ofte kaldt her på denne tida. Og akkurat nå sit eg ute og skriv med ulljakke og to ullpledd og bortimot «naglabed» på fingrane… Kanskje det er på tide å gå inn, eller kanskje ikkje? Det er jo så lyst ute…

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: