Gå til innhald

Tjuefem år

juli 3, 2014

imageTredje juli for tjuefem år sidan fekk eg ei dotter. Ute var det heitebølge. Ingrid var fire og eit halvt kilo og rosenfarga då ho kom til verda med eit skrik. Sidan ho var så stor, og sidan det var så varmt, fekk ho sukkervatn på flaske for at dei skulle vera sikre på at ho fekk i seg nok væske.

imageimage

Me feira henne på jentevis med lunsj på kafé.

image

Sunniva reiste heim for å baka sjokoladekjeks til Ingrid sin venninnefest. Og så fletta me blomekrans som ho kunne pynta seg med til festen.

image

Om han vinna før gjestene kom, veit eg ikkje, men han var då fin så lenge det varte…

image

Og sjølv har eg vore barnevakt for Oscar i kveld. Me har vore på tur rundt Tjødnå med Astrid, og er i grunnen godt fornøgde med det.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget