Gå til innhald

Vel framme på Rømø

juli 5, 2014

image

I løpet løpet av dagen har me forflytta oss til Rømø, heilt sør på Jylland. Me oppdaga staden i haustferien, og syntest det var så utruleg fint her. Nå har me leigd eit stort sommarhus her, og det er nesten som i songen om tyttebærturen til Jørpeland: «Pitter si mor og tanten dis, med ungar og farar og hund og gris». Alle skal med, nå er me her med alle vaksne barn, svigerson og vaksne barn sin hund, og på måndag kjem mor og far. Eg kryssar fingrane for at alle skal ha det bra. Mazdaen vår er ikkje heilt konstruert for å frakta fem vaksne over lange strekningar, men me har solidarisk bytta på kven som får framsete, hjørneplass bak og den midterste plassen i baksetet som er heilt utan beinplass. Alt i alt så gjekk turen kjempefint, og overfarten vart ein rein fryd samanlikna med då me reiste same strekningen i fjor og halvparten av passasjerane, inkludert oss kasta opp i eitt sett. I dag var det heilt uproblematisk. Biletet over er frå heimlege traktar. Det var så mykje fine vannliljer i Melsvatnet i går.

image

Familien er glade i feiringar når me først set i gang, og i går kveld feira me desse to fine jentene på dagen mellom gebursdagane deira.

image

I går tenkte eg på at nå reiser me frå midtsommarlyset heime. Dei lysaste nettene er heilt magiske. Det er merkbart mørkare her om kveldane, og nå gleder eg meg veldig til å sjå nærare på naturen her i morgon. Eg trur det er fine badestrender her. Dei melder litt av kvart når det gjeld vêret, men me har både symjebasseng, boblebad og badstu her, så badetøyet har me allereie fått brukt.

Me hadde ikkje fått handla inn kaffi og vatn her før alle butikkane på øya plutseleg var stengde.  Heldigvis fann me ein restaurant der dei var så greie å la oss kjøpa med oss ei termokanne med kaffi, mot eit depositum på femti kroner på kanna, som me leverer tilbake i morgon.

image

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: