Skip to content

Andre er dagen i juli

juli 2, 2014

 

imageDet et er andre dagen i juli, og livet kjennest som sommarferie. Plutseleg kjennest det bortimot grytidleg å skulle vera ein plass, i mitt tilfelle hos frisøren, klokka ti om morgonen… Men når ein først er der, er det ganske behageleg å bli plassert i ein massasjestol, få servert ein kopp kaffi, og opplysa dei det måtte angå at eg har god tid og ikkje skal rekka noko som helst…

På lørdag kjendest det herleg paradoksalt å drassa ei bok om rydding heim til eit hus med meir enn overfylte bokhyller frå før av… Eg trong noko å setja kaffien på ved benken på verandaen, men då ein kunstig tillata shabbychic krakk kosta tre hundre kroner, kunne eg like godt kjøpa ein heilt ekte nedslitt sak frå den same bruktbutikken som eg kjøpte boka i…

Og faktisk fann eg gode råd der, som å bestemma seg for å begynne å sortera ein stad det trengst, setja alarmklokka på ein time og så bruka den tida på rydding akkurat der til klokka ringer. Så kan ein gjera noko meir lystbetont, og gå laus på ei ny økt når ein er klar. Sidan boka er amerikansk, og ting som kjent ofte er store der, då hadde eg den lukkelege opplevinga av bare å vera ein moderat rotekopp sånn i internasjonal samanhang, slikt liker ein jo å høyra. Eg kunne med rak rygg konstatera at eg ikkje hadde ti tusen kulepenner stabla langs veggen i tome skoøskjer, eller førti kassar med julepynt på badet. Slike bøker får ein av og til til å konkludera med at ein er bortimot normal, og av ein eller annan grunn er det viss det me helst vil vera dei fleste av oss…

Eg har av og til mora meg over at dei fleste av oss går rundt og trur at det er me sjølv som er akkurat passe. Dei fleste andre er for gjerrige, for sløsaktige, for treningsfokuserte, for slakke og så vidare. Dei fleste av oss er i eigne auge relativt velbalanserte, og godt er det.

Etter frisørtimen kjøpte eg med masse jordbær med meg heim, for i juli lever ein lenge på luft og jordbær… I alle fall tek det seg ut å skriva slikt på nettet… Nå har eg kost meg, sagt heilt utan ironi, med å bruka eit par timar på å styrka gamle damaskdukar etter svigermor, slike med sirlig brodert monogram i det eine hjørnet. Ingrid hadde lyst til å låna kvite dukar til ho skal feira 25- årsdagen sin med venninner i morgon. Eg innrømmer at damaskfaktoren på spisebordet vårt er heller låg, så det er kjekt å få brukt dei gamle tinga av og til. Nå hadde eg tenkt å bruka delar av midnattstimen til å vatna blomsterkrukkene på terrassen, men Halvard kan melda at det regnar ute, så då slepp eg det…

I strukturerte periodar av livet mitt, les eg tre kapittel i bibelen kvar dag. Det er interessant å gå på oppdagingsferd i skrifter og forteljingar, eg let meg overraska, sjokkera, sjarmera og oppbygga. Josvas bok er lite oppbyggjeleg, men noko ein bør kjenna til faktisk finst der. Forkynnaren er sjarmerande melankolsk og breva i nytestamentet utfordrande på mange plan. Det står noko om at ein skal kasta brødet sitt på vatnet, og så når tida er morgen skal ein finna det att. Slik er det mellom anna med å skriva tekstar. I går fekk eg i mailboksen ei melding frå ein som hadde funne ein tekst som eg sikkert laga for femten år sidan, og heilt hadde gløymt. Han hadde funne teksten og arrangert han, og ville gjerne registrert han og bruka han. Så kjekt. Så fekk eg ei melding frå Danmark om at nokon hadde omsett ein tekst til dansk og lurte på om dei fekk lov til å bruka han. Det var og ei spennande helsing å få.

Den som er kreativ er alltid på jobb var det ein eller annan som uttalte, det fine med det, meinte vedkomande, var at ein slapp å kjeda seg og slapp å pensjonere seg. Det er då ein oppmuntrande tanke?

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: