Gå til innhald

Sommar – sommar…

juli 9, 2014

image

Når sommaren har blitt sommar opnar tida seg og klokka blir noko ein kan leggja vekk og gløyma. I dag sat eg og ungane og spelte «Besserwisser», eit slags quiz-spel. Det var framleis litt grått ute, men så kom sola fram, og plutseleg pøsregna det samtidig som det var tjuefem grader og strålande sol. Merkeleg vêr. Sola tørka opp regnet og det vart ein strålande sommardag med varm fønvind. Leif og Oddvar spelte golf, og far kjørte meg til butikken. Så vart det rundstykker, ost, kaffi og jordbær i hagen før nokre av oss reiste til butikkane ute ved havet der mor kjøpte seg tynne sommarblusar, og far insisterte på å spandera softis på oss.

image

Om ettermiddagen reiste me til stranda for å bada. Bileta viser kor langgrunt det er med sandbankar og grunne småfloar vekselvis utover. Det er veldig stor forskjell på flo og fjære, så strandformasjonane endrer seg mykje i løpet av tolv timar.

image

Folk kjører bilane sine langt ned på stranda, og sit gjerne og solar seg på eit handkle eller ein strandstol ved sida av bilen. I ein av butikkane ved stranda sel dei små iglootelt som liknar litt på dei ein kan kjøpa på barneavdelinga på IKEA. Folk ligg med hovudet og deler av overkroppen inne i teltet. På den måten får dei skugge i ansiktet utan å bruka parasoll, og dei slepp å få sand i ansiktet når det bles. Eg har mistanke om at det bles ganske mykje og ganske ofte her, akkurat som heime. Eg torde ikkje fotografera folk som ligg i slike telt med beina og magane ute i sola, men det ser ganske komisk ut. Kanskje eg kunne bli trendsetjaren som innfører dei på Orrestranda?

image

Vel tilbake i sommarhuset, så assisterte eg Ingrid som hadde teke på seg å servera alle ni spaghettimiddag. Resultatet vart veldig bra, her blir gulrøter, selleri, lauk og kvitlauk steikt i panna som første etappen på vegen til spaghettisaus.

image

image

Så var det semifinale mellom Nederland og Argentina, men nokre av oss vart heller sitjande ute i den lyse og lunkne sommarkvelden til mørket kom og pakka seg rundt oss, og månen hang kvit over trea.

image

Til slutt begynte knotten å bita og det vart i kjølegaste laget å sitja ute utan jakke. Utegjengen rakk ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse. Det var VM nok for meg for i kveld.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget