Skip to content

Everything comes to an end

juli 10, 2014

image

Nå er det kveld att. Grashoppene er høglydte, eller kanskje det er sirissar. I ein biologitime på lærarskulen for snart hundre år sidan, lærte me at grasshoppespelet er ein av dei lydane ein først mistar med stigande alder. Akkurat som dei fleste opplever å måtta lesa lita skrift med strake armar, så opplever dei fleste at dei ein sommar lurer på kor alle grashoppene er blitt av. Heldigvis så høyrer eg dei denne sommaren og.

image

Det har vore ein svært varm dag, nå svalnar han av mot kvelden. Ungdomen spelar «Settlers» rundt spisebordet, eg sit ute og skriv, Oscar spring ut og inn og nyt at temperaturen har gått ned, og kjærasten min ryddar koppar og glas. Mor og far har akkurat sagt ha det bra til oss og dradd til hotellet for å pakka. I morgon tidleg reiser dei heimover att. Det var faktisk litt trist at dei drog. Denne turen har me snakka om lenge, og nå er han over for deira del. Me andre skal vera her eit døgn til. I dag har far spelt fotballgolf med svigerson, dottersøner og barnebarnsvigerson. Det hadde vore storveges, trur eg. Mor spanderte lunsj på meg og jentene på pannekakehuset der me sat i skuggen av ein stor parasoll og åt pannekaker. I kveld har me grilla pølser, ete resten av spaghettien frå i går og hatt softgun- skytekonkurransar i hagen. Eg og mor har vore tilskoderar, dei andre har konkurrert.

image

I ettermiddag skulle eg gå tur med Oscar, men han stritta i mot og ville ikkje gå langt i varmen, så det ende med at eg gjekk tilbake med han og fortsette turen aleine. Eg gjekk bort til ei gammal fin kyrkje i nærleiken for å kikka nærare på ho. Eg kom meg ikkje inn i kyrkja, men tok meg ein tur på kyrkjegarden. Det er ofte ein eigen fred på kyrkjegardar. Dei gamle heime kallar det for «kjøregard». Eg har høyrt at dette ikkje er ein slurvete jærsk uttale av ordet «kyrkjegard», men at det stammar frå det gammalnorske «kyrregard» sidan kyrr betyr fredeleg på gammalnorsk. Om det er rett veit eg ikkje, men det er ein fin tanke.

image

Kyrkjegardar er fulle av historiar, kva som skjedde med Steen, som døydde i fjor får eg vel aldri vita, heller ikkje kven som takka for turen på engelsk og kalte han vikingene sin. På grava ligg og ein Stein med påskrifta «Kemp for alt vad du har kært», og eit merke på grava fortel at grava blir stelt av kommunen.

image

Denne støtta frå 1727 er ganske imponerande, og har påskrifta:

HER
HVILER DEN ÆR
LIG OC GUDFRYCHTIG MA
TRON KIERSTIN
PEDERSA BOLDMARK
SOM HENSOF ANNO 1727
DEN 13. SEPTEMB HENDIS
ALDER 80 AAR HENDIS SJÆ
LE HOS GUD I GLÆDE

Eg blir rørt av å lesa skrifta og lurer på korleis den gudfryktige matron var i levande live.

image

Det såg ut som om dei kanskje hadde gravd opp den borterste delen av kyrkjegarden og laga ny mur slik at bare porten stod att frå den gamle muren, men det kan og vera at denne porten opprinneleg var inne til noko heilt anna, kanskje ein gammal prestegard?

image

Det hadde vore spennande å koma inn i kyrkja, men døra inn var låst som ein kunne venta det på ein torsdagskveld, så det får nok veta til ein eventuell neste gong. Utanfor kyrkjegardsmuren stod denne steinen:

image

Steinen var eit nyare minnesmerke som vel tyder på at Rømø har vore tysk i ein periode før det vart gjenforent med Danmark? Det kan eg nok finna ut om eg går inn for det.

I morgon blir det den siste dagen vår på Rømø i denne omgangen, og så får me sjå kva han måtte ha å bringa. Akkurat nå har eg ikkje lyst til å dra her i frå, men vegane skal gå vidare. Det første eg må gjera nå er å koma meg i hus. Nesten- fullmånen heng over granene og myggane bit som bare det…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: