Skip to content

Husum i regn

juli 8, 2014

image

Mor og far kom seg trygt fram i går kveld. I dag delte me kompaniet slik at den yngste generasjonen drog til Flensburg, medan me andre reiste på biltur med mål Husum, ein annan tysk by.

image

Men først hadde me ein gebursdag å feira, Oscar vart fire år i dag og fikk gebursdagssang, gåve og «kake». Kaka var eit pølsebrød med salt pølse i midten, leverposteiglasur og hundegodt- stjerner på toppen. Kaka falt i smak…

Eg trur det er bortimot ei mil over demningen til fastlandet. Området er eit eldorado for vadefuglar med sumpområde som blir halde fuktig av tidevatnet. På engene ved demninga beiter det tusenvis av sauer. Eg skal prøva å få teke bilete av det ein av dagane. Etter ei stund begynte det å duskregna og etterkvart regna det heftig. I bilen til mor og far låg det to regnjakkar og ein paraply. Det første me måtte gjera var å skaffa oss ein til paraply.

I Husum var det vakkert sjølv med dei store dusjane fullt oppskrudde over oss.

image

Mor og far spanderte lunsj på oss. Me var heldige, for den restauranten som tilfeldigvis hadde plass til oss då det regna som verst, hadde fantastisk god mat. Eg åt grilla laks med sjampinjong og kvitlaukssaus, det var den beste middagen eg har smakt på lenge. Dei andre åt oksefilet med gorgonzolasaus, og i følge ryktet var det og veldig godt.

image

Det regna og det regna, men ute var det varmt og godt, og den typen sommarregn er i grunnen bortimot sjarmerande.

image

Me gjekk inn i kyrkja. Ho viste seg å vera heilt spesiell, minimalistisk på ein veldig stilren måte med svakt rosa vegger, perlegrå benkjer, kvite søyler og gallerigjerder og okergule pillarar framme ved alteret.

image

Preikestolen hang oppe på veggen bal altaret, der det vanlegvis pleier å vera ei altartavle. Eg fekk veldig lyst til å sjå korleis det såg ut med ein prest der oppe, men det dukka aldri opp ein.

image

Orgelet bak i kyrkja var like stilreint som resten av kyrkjeromet.

image
image

Leif måtte inn på eit bakeri for å kjøpa nokre tyske kaker å ta med oss heim.

image

Denne måkeungen sat bare heilt roleg på parkeringsplassen og let regnet tenna i straumar langs fjørene.

Regnet letta litt då me køyrde tilbake gjennom det tysk/danske grenselandskapet der kyr og sauer beita tett på markene mellom gardar med murhus og store valma halmtak. Det såg ikkje ut som dei vart forstyrra av at dei vart våte. Til slutt slutta det nesten heilt å regna og uveret vart hengande som ein vemodig dis over det nyvaska sommargrøne landskapet med ein og annan allereie gul kornåker med raude valmuer mellom kornaksa. Vemodet fylgjer det vakre som ein mjuk skugge, ein tone om at alt som er skal ta slutt ein gong, ein dag, ein sommar og eit liv.

I kveld har me site her i stova alle ni. Eg ser sjeldan fotballkampar, men VM- semifinalen mellom Tyskland og Brasil fekk meg til å bli sitjande. Eg er ingen sportsjournalist, og skal spara dei som er oppriktig fotballinteresserte frå mine høgst amatørmessige betraktningar. Av og til forstår eg i korte glimt korfor folk kan bli heilt hekta på fotball. Under heile andre omgangen ordna og lynte det relativt heftig, men det kom aldri så nære at eg måtte fremma det heilt sikkert svært upopulære forslaget om å dra ut TV- kontakten.

Nå er timen min. Av ein eller annan merkeleg grunn har eg havna i ein familie med A- menneske… Far ville nok sitte oppe med meg om han kunne, men mor og han er for lengst reist tilbake til hotellet. Dei andre søv i kvar sine senger og Oscar snorkar høgt i buret sitt etter ei intens gebursdagsfeiring. Sjølv er eg veldig glad i å sitja oppe aleine etter at resten av verda har kome seg i seng… I morgon melder dei forresten strålande fint vêr igjen…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: