Siste dagen på Rømø
Nå har me pakka og stova her er full av koffertar. Eg vil ikkje at denne delen av ferien skal vera slutt. Me har hatt det så fint her. I kveld reiste me ut for å ta det siste sjøbadet, og Oscar bada i sjøen for første gongen i sitt liv. Han har hatt litt vannskrekk.
I føremiddag var eg og Sunniva her og slappa av og koste oss i sola medan dei andre var ute på forskjellige andre aktivitetar. Det er så godt å kjenna på sommarvarmen.
På ettermiddagen reiste eg til nydelege Ribe saman med Odd Christian, Sunniva og Leif. Leif og eg oppdaga byen i haustferien, og ville gjerne ta ein tur dit når me først var i nærleiken.
Me åt lunsj på ein koseleg gaterestaurant og på menyen kunne me lesa at mannen som opprinneleg åtte dette huset ein gong for veldig lenge sidan, heitte Johannes Harboe. Kanskje me burde fått familierabatt.
I kveld var me på ein liten fototur her på Rømø.
Det er masse hestar ute på markene her. Nokre gonger går dei i store flokkar.
Havet utanfor her blir kalla vadehavet. Det er veldig grunt med store sandbankar og eit rikt sjøfuglliv.
På nokre av strendene er det utruleg langt ned til havet. Det er nesten som ein ørken. Folk kjører ned til sjøen i bilane sine. Det er eit av dei merkelegaste landskapa eg har sett.
Og eg innser at ein av grunnane til at eg har falt så pladask for dette landskapet er…
at det rett og slett liknar ganske mykje på heime… Her er det bare endå mykje meir av alt. I morgon tidleg går turen vidare her i frå, og eg kjenner at eg svært gjerne vil tilbake hit…
Heidi










